BRANN: Seks personar vart evakuert då det braut ut brann i ein kommunal omsorgsbustad som inneheld fleire bueiningar i Øvre Årdal seint måndag kveld. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
BRANN: Seks personar vart evakuert då det braut ut brann i ein kommunal omsorgsbustad som inneheld fleire bueiningar i Øvre Årdal seint måndag kveld. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Må finna bustadar til fem personar etter brannen

Kommunen er i gang med å finne andre bualternativ til dei fem personane som var råka av brannen i Øvre Årdal seint måndag kveld. 

Måndag kveld klokka 22.28 fekk politiet melding om at det byrja å brenne i eit kommunalt omsorgsbygg som inneheld fleire bueiningar i Øvstetunsvegen i Øvre Årdal.

Knappe 30 minutt seinare meldte politiet om at brannen var sløkt. Den eine bueininga skal ha fått store skader av brannen, medan dei andre kan ha fått vass- og røyskadar. 

Hindra spreiing 

– Bueininga der brannen starta er totalskadd. Men den branntekniske seksjoneringa av bygget var bra, slik at det hindra spreiing til dei andre bueiningane i bygget, fortel brannsjef Gaute Johnsgaard. 

Han fortel at Hydroberedskapen, som fungerar som eit kommunalt brannvesen, var tidleg på plass. 

– På bakgrunn av ordninga har me store ressursar både når det gjeld talet på mannskap og utstyr, slik at det vart det ein kjapp og effektiv innsats under brannen, fortel Johnsgaard.

Les også: Seks personar evakuert etter brann

Det var seks personar i bygget, fem som er busett der og ein på besøk. Dei  kom seg ut av det brennande bygget. Både naboar og andre hjalp til å evakuere dei inn i nabobygget, før dei vart henta av familie for natta, fortel Kristiane Seim, leiar for spesialomsorg i Årdal kommune. 

Tilbyr hjelp fortløpande

– Kommunen er i gang med å kartlegge og å finne andre bualternativ til dei råka. Me kjem til å tilby beburarane oppfølging og set inn tiltak der det er behov fortløpande, seier Seim.  

Kriseleiinga i Årdal kommune var samla måndag morgon klokka 9, for å legge planar for mellombelse bustader til dei råka. Klokka 13 måndag er pårørande og brukarar invitert til eit møte for å få informasjon og for å kunne koma med spørsmål. Der vil også politi, boligbyggarlag og kommunen vera tilstades, fortel Seim.

Til toppen