IKKJE TRUDD: Mannen i 20-åringa tilsto ikkje lovbrota då saka var oppe i retten.
IKKJE TRUDD: Mannen i 20-åringa tilsto ikkje lovbrota då saka var oppe i retten. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

Må fire år bak murane etter tjuveriraid på Vestlandet

Retten trudde ikkje mannen, som hadde andre forklaringar på kva som hadde skjedd.

Indre Sogn: Ein mann i 20-åra frå Aust-Europa, som har budd i Indre Sogn sidan 2016, er dømd til fengsel i fire år for å ha medverka til ei serie til dels grove innbrot, Innbrota vart utførde av to landsmenn, medan den dømde var sjåfør og deltok i planlegginga. 

I tillegg til fengselsstraffa, må mannen betala erstatning på rundt 280.000 kroner til forsikringsselskap og privatpersonar, óg tola inndraging av ein personbil og ein mobiltelefon.

Vart ikkje trudd

Tjuveriraida fann stad i februar og mars, mellom anna i Sunnfjord og Sogn. Den tiltala vart pågripen i mars i Indre Arna då han var på veg til heimlandet. Sidan har han vore fengsla i påvente av at rettsaka skulle opp. Dei to andre som ifølgje tiltalen deltok i tjuveria, reiste ut av landet to dagar før, og er no truleg i heimlandet.

I februar fekk den tiltala to landsmenn på besøk, begge bekjente av ein barndomsven. Dei neste par vekene køyrde den tiltala dei rundt til fleire ulike stader på Vestlandet.

Ifølgje forklaringa var tiltala berre sjåfør, og visste ikkje kva dei gjorde på turane. Denne forklaringa trudde ikkje retten på.

Avslørt av telefonmeldingar

Sentralt i bevisføringa var utskrift frå den krypterte meldingsappen Telegram, som den tiltala brukt til å planlegga tjuveriraida saman med barndomsvenen, og til å kommunisera med dei to medsamansvorne. Politiet sikra dialogen ved å ta bilete av skjermen på telefonen.

Den tiltala opplyste til politiet at han hadde gløymt passordet, men telefonen vart opna for ein kort periode ved å bruka tiltala sitt fingeravtrykk. Politiet fekk difor berre tilgang til ein avgrensa del av innhaldet.

Omfattande dom

Den tiltala påstod at det ikkje var han som hadde delteke i planlegginga, men ein kamerat som lånte telefonen då han var på besøk. Heller ikkje denne forklaringa trudde retten på.

Politiet har óg nytta teledata frå basestasjonar som knytter den tiltala sin mobiltelefon til åstadene og gjerningspunkta i tiltalen.

Til saman er den tiltala skulda for å ha medverka til tolv grove tjuveri, tre forsøk på grove tjuveri og fire tjuveri. På alle åstadene har gjerningsmennene teke seg inn i husa ved å knusa glas i vindauge eller dører, nokre stader med stein som er funne på staden. Som oftast vart det stole smykke og elektronikk.

Den tiltalde vart dømd på alle tiltalepunkta, og dommen var einstemmig.

Til toppen