MEKTIG NATUR: Vettisfossen er eit godt symbol på den mektige naturen som omkransar kommunane Årdal og Lærdal. Foto: Arkiv.
MEKTIG NATUR: Vettisfossen er eit godt symbol på den mektige naturen som omkransar kommunane Årdal og Lærdal. Foto: Arkiv.

– Må gjera folk bevisste på naturverdiane rundt oss

Denne veka skal det arrangerast konferanse i Sogndal, der natur- og kulturarven er sett på dagsordenen.

– Det er mildt sagt utfordrande tider for fylket vårt no, seier fylkesvaraordførar Jenny Fylling (Sp) i ei pressemelding frå fylkeskommunen. 

Då tenkjer ho nok spesielt på den økonomiske situasjonen til fylkeskommunen, samt kommunereforma, som alle kommunane no skal ta stilling til.

Eit sentralt tema på denne konferansen vil difor vera verdiskaping av naturopplevingar og kulturarven i fylket.

Roar Vangsnes i Distriktssenteret jobbar særleg med utvikling av lokalsamfunn som er attraktive for nyskaping og næringsetablering, og han er einig i at det er ei utfordrande tid.

Kan bli betre

Både i Lærdal og Årdal har ein eit større potensiale på denne fronten, meiner han.

– No har jo årdølene vore flinke til å promotera seg, sjølv om det er eit godt sett industrisamfunn. Trass i dette har dei vist veg når det gjeld å ta i bruk Utladalen og dei verdiane som er i fjellheimen, men det kan styrkast endå meir, seier Vangsnes til Porten.no.

– Mange ser mest på Årdal som ein industriplass, men det er jo enorme naturkvalitetar der som har kome litt i skuggen av andre område. Viss ein hadde klart å synleggjera Avdalen og Utladalen endå meir, hadde det nok vorte ein auka straum av folk som brukar området. 

Arbeidsplassar

Dette kan igjen vera med på å skapa arbeidsplassar.

– Kanskje ikkje så mange arbeidsplassar, men det kan skapa attraktivitet for dei som bur i årdalssamfunnet. Og det same gjeld for lærdølene.

– Ein ting er å trekka folk til å oppleva dei attraksjonane ein har, men ein skal hugsa at me som bur her også må bevisstgjerast at dette er viktige verdiar. Det var naturverdiane som gjorde at eg kom heim, held han fram.

Fleire føter å stå på

Tidlegare har varaordførar i Årdal, Marie-Helene Hollevik Brandsdal, uttalt til Porten.no at ei bygd som Årdal kan få fleire føter å stå på ved å satsa meir på turistnæringa.

– Eg trur Årdal er nøydd til å byggja på det grunnfjellet dei er. Dei må sjølvsagt utvikla industrien til å bli moderne, men Årdal er meir enn fabrikkane. 

– Det ligg moglegheiter her, som kanskje ikkje gir resultat på kortsikt, men viss ein koplar det med nyetablering av verksemder saman med det kompetansemiljøet som er i bygda, vil det styrka på sikt. Det handlar om evnen til å sjå at naturverdiane er i eit indirekte samspel med utviklinga av tettbygde strok. Det er ikkje eit dumt utsagn av varaordføraren, samstemmer han.

Interkommunalt samarbeid

Ein veg å gå for å lukkast kan vera samarbeid. I dag eksisterer det allereie eit samarbeid mellom Årdal, Lærdal og Aurland på mange område, og dette blir no sett på dagsordenen ved at regjeringa krev at kommunane skal ta stilling til ei kommunereform.

– Kommunereforma handlar om å få nye bilete på korleis framtida skal sjå ut, men i laupet må ein ikkje gløyma den gamle kunnskapen, seier Vangsnes og meiner samarbeid blir heilt naudsynt. 

– At det blir heilt naudsynt for å oppretthalde den kvaliteten og velferden som er i dag, er sikkert. Då er spørsmålet om me klarar å heva hovudet så høgt at me evnar å sjå lokalsamfunnet inn i ein større kommune.

Balansegang

Vangsnes peikar på Lærdalselvi og Vettisfossen som to sentrale og viktige natur- og kulturverdiar i dei to kommunane.

– Men det er kanskje andre ting som betyr mykje for lokalsamfunnet også. Då handlar det om å få ei sterkare bevisstheit om at dette har betydning, anten gjennom direkte eller indirekte sysselsetjingseffekt, seier han og understrekar at det er viktig å lytta til ungdommen.

På den andre sida står sjølvsagt dei ønskjer å halde naturen så uberørt som råd. Og dei må ein også lytta til.

– Ein må finna balansen mellom vern av naturen og ta i bruk desse verdiane for dei som bur i og rundt desse naturkvalitetane. Difor er auka kunnskap og forståing av natur og kulturverdiane viktig, og dette meiner me vert belyst godt på den komande konferansen, seier Vangsnes. 

Til toppen