Årdal: Det fortel leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, og AUF-leiar i Sogn og Fjordane, Henrik Thorsnes Lefdal.
I helga deltok dei begge på landsmøtet til Arbeidarpartiet i Folkets hus i Oslo. Dei to meiner at landbruket er ei viktig berebjelke i partiprogrammet som vart forma.
– Arbeidarpartiet skal bevare det som kjenneteiknar norsk landbruk med konsesjonsreglar, bu- og driveplikt og prisregulering. Me ønskjer òg at fleire skal velje å etablere seg i landbruket, og igjennom å endre og forenkle lovverket, vil det bli meir attraktivt å ta i bruk nedlagt gardsbruk, seier Høl.
På Arbeidarpartiet si liste om landbruket ligg det inne fleire punkt, mellom anna bruksstruktur, teknologi og nyskaping på bonden sin arbeidsplass, klima og matproduksjon.
– Me er nøydd til å ha eit landbruk med variert bruksstruktur der ein kan drive i både liten og stor skala, og det er godt å sjå at dette er ei prioritering for Arbeidarpartiet. I tillegg må me legge til rette for å kunne utvikle og ta i bruk ny teknologi i landbruket. Alle skal med, seier fylkesleiar i AUF, Thorsnes Lefdal.