MÅ I FENGSEL: Ein ung lærdøl er dømt til 28 dagar i fengsel og har fått 10 000 kroner i bot for hærverk på Ljøsne skule og promillekøyring. 
MÅ I FENGSEL: Ein ung lærdøl er dømt til 28 dagar i fengsel og har fått 10 000 kroner i bot for hærverk på Ljøsne skule og promillekøyring.  (Foto: Arkivfoto/Ina Eirin Eliassen. )

Må i fengsel etter å ha tent bål på skulen

Ein ung lærdøl må i fengsel og har fått ei bot på 10 000 kroner etter hærverk og fyllekøyring.

Lærdal: Det var i romjula i fjor det vart oppdaga at nokon hadde brote seg inn på Ljøsne skule og tent bål på golvet. Bord og stolar vart kasta rundt.

I Sogn tingrett måtte same person som gjorde dette også svare for promillekøyring og køyring utan førarkort, skriv Sogn Avis.

Det siste forholdet skjedde i sommar, då personen køyrte motorsykkel med 1,48 i promille og utan førarkort. I rettet vedgjekk han straffeskuld for begge forholda.

Lærdølen må no sona 28 dagar i fengsel og har fått ein bot på 10 000 kroner. Personen må også betale Lærdal kommune tilbake nesten 58 000 kroner for skadene som blei gjort på skulen.

Til toppen