TYSDAG KLOKKA 9: Skal Tya Bakeri lokalisert der Utla var før opna – eitt døgn forseinka. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TYSDAG KLOKKA 9: Skal Tya Bakeri lokalisert der Utla var før opna – eitt døgn forseinka. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Må no berre stå på i heile natt for å få alt på plass

Tidlegare Utla Café & Bar, no Tya Bakeri, skulle ha opna måndag. Det gjekk ikkje, men tysdag klokka 9 skal alt vera på plass

Årdal: – Det er så mange ting som skal klaffa når ein skal opna eit slikt lokale. Alt frå frå snikkar- , røyrleggjar- og elekrikararbeid til flytting av diskar. Men me satsar på opning tysdag klokka ni, seier Torunn Todal Laberg, marknadsansvarleg i Klingenberg Hotell.

Utla Café & Bar stengde ved nyttår. Bakgrunnen var at Klingenberg hotell kjøpte Tya Bakeri. Frå før eigde dei Utla, og ville dermed samkøyra konsepta ved dei to serveringsstadene. 

Les også: Glad for å få tilliten til å driva Tya vidare

Les også: – Me er heilt nøydde til å opna att

Opninga som skulle vera måndag blir utsett eitt døgn, men ikkje lengre.

– Er det no heilt sikkert at det blir opning tysdag?

– Ja, me må no berre stå på i heile natt for å få alt på plass, seier Todal Laberg.

Artikkelen held fram under biletet

JOBBAR PÅ SPRENG: Ein del arbeid står att 18 timar før opninga: – Me må no berre stå på i heile natt for å få alt på plass, seier Torunn Todal Laberg.
JOBBAR PÅ SPRENG: Ein del arbeid står att 18 timar før opninga: – Me må no berre stå på i heile natt for å få alt på plass, seier Torunn Todal Laberg.

Kafèdrift begge stader i juli

I utgangspunktet skulle det som no blir Tya Bakeri opna 1. juni, men grunna trøbbel med leveransane let ikkje det seg gjera.

Men så er det slik at den som ventar på noko godt ikkje ventar forgjeves:

KAFÈ BEGGE STADER: I juli, fortel Todal Laberg. Arkivfoto
KAFÈ BEGGE STADER: I juli, fortel Todal Laberg. Arkivfoto

– Heile konseptet me vidarefører no er med utgangspunkt i Tya Bakeri. Det blir bakeriutsal og kafè på det som tidlegare var Utla, medan me i det andre lokalet vil reindyrka barkonseptet her, så dette blir Tya Bar.

Todal Laberg fortel det likevel blir kafè i begge lokala no i juli. 

– Det har me behov for no i høgaste turistsesongen. 

Samarbeid med kulturhuset, Årdalssenteret og biblioteket

Som Porten.no tidlegare har fortalt satsar drivarane på meir arrangement og eventar i kafèdelen – altså det som no blir Tya Bakeri – grunna lokasjonen i tilknyting til kulturhuset og Årdalsenteret.

Les også: Her fortel ho om planane for Utla​

Les også: Marita (37) er ny dagleg leiar i Tya Bakeri

– Koplinga opp mot kultursalen er gull verd. Me vil også samarbeida med biblioteket om litterære arrangement, her har me allereie nokre planar klare for hausten, seier Todal Laberg. 

Til toppen