SYNFARING: Stamvegutvalet fekk ei synfaring i den nye Filefjelltunnelen som skal opne i oktober. Foto: Lene Hovi. 
SYNFARING: Stamvegutvalet fekk ei synfaring i den nye Filefjelltunnelen som skal opne i oktober. Foto: Lene Hovi. 

– Må prioritere dei verste rasutsette stadene først

Det var utfordringa Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, kom med då Stamvegutvalet hadde årsmøte.

Filefjell: Ordførarar frå fleire delar av strekninga deltok på årsmøtet, der dei også fekk ei synfaring i den nye Filefjelltunnelen som opnar i oktober.

Stamvegutvalet består har tre fylkeskommunar og 16 kommunar som medlemmar, og utvalet jobbar for at heile E16-strekninga mellom Sandvika og Bergen skal rustast opp. 

Auka rammer til rassikring

På årsmøtet vart det jobba fram eit innspel som vert sendt til Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, der første punktet handlar om fullføring av E16. Utvalet vil også at dei dårlegaste reststrekningane skal prioriterast i Nasjonal Transportplan (NTP), og at rammene til rassikring vert auka, spesielt i første planperiode.

– For Indre Sogn sin del kommuniserte eg og Jarle Aarvoll (ordførar i Sogndal journ. anm.) at me var lite nøgd med dreiinga NTP hadde tatt – at eit fylke som Sogn og Fjordane kom så dårleg ut fordi NTP ser ut til å vere meir knytt til sentrale strok og tettplassar, seier Solheim til Porten.no.

– Me er ikkje nøgde med at det berre ligg an til nokre få rassikringskroner i den neste fireårsperioden. Me meiner det er feil at fylket dett heilt ut av NTP når det har så store utfordringar på det sentrale vegnettet.

Må prioritere dei verste strekningane

I NTP er det sett av 1,7 milliardar kroner til rassikring på E16 i Nærøydalen i Aurland kommune. Det prosjektet ligg inne i andre periode, altså frå 2024 til 2029.

– Det tykkjer me er altfor dårleg. Det er fleire rasutsette stader på andre delar av strekninga, men då må me vera dyktig som utval og prioritere dei verste strekningane først. Det var ikkje representantar frå Voss eller Vaksdal på møtet, men me var tydelege på at me ikkje må gløyma kor ille det er der, seier Solheim.

Til toppen