Årdølene fekk verst tenkjeleg start; først førde ein keepertabbe til at valdrisene fekk 1-0 svært billeg på Blåbærmyra stadion, så førde ei misforståing i dei bakre rekkjer hjå Årdal til 2-0 i sekken.
Utlikna - men tapte
– Først då byrja me å spela. Andre omgang startar me veldig bra og får både redusering og utlikning. På 2-2 set også Truls (Hovland, red. anm.) ballen i stolpen.
Det var Terje Øvstetun og Ole Gunnar Kjødnes som stod for måla til Årdal. Då såg det lyst ut - enn så lenge.
– Då skjer det som ofte skjer i fotball - ein umarkert mann hjå dei set ballen i lengste. Me sloknar, og så får dei 4-2 på nesten identisk vis. Me må slutta å sleppa inn slike råtamål, og det er synd, for i dag hadde me ein god sjanse. Gutane legg ned ein god innsats, men me pålegg oss sjølve mykje større arbeidsoppgåver enn nødvendig, seier ein oppgjeven årdalstrenar.
– Christian Stedje vart skadd i sist kamp og de har fleire skadar for tida. Kva fekk det å seia?
– Me reiser hit med tretten mann, og då er det klart dei skadde er eit sakn. Me har for lite å ta av med så mange skadar på laget.
Årdal ligg no på 9.plass i 3.divisjon avdeling 3 med 10 poeng på ti kampar. Valdres har tredjeplassen med 22 poeng.