SYN PÅ UTVIKLING: Egon Moen, Kristoffer Nystedt, Terje Laberg og Wenche Eldegard kom med sine syn på næringsutviklinga i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SYN PÅ UTVIKLING: Egon Moen, Kristoffer Nystedt, Terje Laberg og Wenche Eldegard kom med sine syn på næringsutviklinga i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Må spela på lag og gjera kvarandre betre

Samhandling var nøkkelordet då Egon Moen, Wenche Eldegard og Kristoffer Nystedt delte sine syn på utviklinga i Årdal. 

Årdal: Dei tre representerer tre ulike bransjar i Årdal, men verka veldig samstemte på kva som må til for å skape vekst og utvikling i industrikommunen. 

– Som banksjef veit eg at det er mange gode og lønsame bedrifter i Årdal. Eg tenkjer at samhandling mellom fleire bedrifter, der dei utviklar ein idé, er noko å jobbe med, seier banksjef i Indre Sogn Sparebank, Egon Moen.

Han var, saman med Eldegard og Nystedt, utfordra av Årdal Næringssamskipnad til å dele sine syn på utviklinga innanfor næringslivet i Årdal. 

Eitt samfunn

Tidlegare hadde næringssjef Terje Laberg då løfta fram kor viktig det er at Årdal blir eitt samfunn og legg frå seg «Øvre-Tangen»-diskusjonane. 

– Eg tykkjer det er bra at ein har flytta handelen til Øvre fordi det styrkar han. Samstundes er det kome 100 nye arbeidsplassar på Årdalstangen. Det er det ikkje så mange som tenkjer på. Viss eg kunne velja,  ville eg heller hatt 100 nye arbeidsplassar enn to-tre butikkar, kommenterte Moen.

Han løfta i staden fram Årdalstangen som ein stad som kan utnytte sjøen og vera eit viktig bustadområde med tanke på pendling fordi det ligg nærare nabokommunane. 

Samarbeid i reiselivet

Ein bransje som skal vere med på løfte fram kommunen i sin heilskap, er reiselivet. Her har Kristoffer Nystedt, som driv camping og gard i Utladalen, spelt ei viktig rolle dei siste åra. Også han understreka viktigheita av samhandling.

– For meg er det merkevaren Årdal som er det viktige. Det er det ein må selja. Eg sel opplevingar i Årdal, men opplevingane må ikkje nødvendigvis finne stad på Svalheim. Eg sender til dømes masse turistar til Ofredalen, og dei kjem nøgde tilbake etter å ha opplevd det dei omtalar som ei skjult perle, fortalte han. 

– Me har alle ein stor jobb å gjera. Årdal har to av Noregs største attraksjonar i Jotunheimen og Sognefjorden, og så er det alle andre enn Årdal som et av den kaka. Me må jobba saman og gjera kvarandre gode, var beskjeden hans.

Meir positiv omtale

Wenche Eldegard, som før sommaren byrja i jobben som verkssjef på Hydro etter fleire år i Høyanger, seier ho har gjort seg ein del refleksjonar når ho har sett bygda frå utsida, og ho la vekt på det å marknadsføra bygda.

– Av og til lurer ein på om dei som kjem hit, gjer det berre fordi dei ønskjer eit steg inn i Hydro før dei reiser vidare, men me ser no at mange ønskjer å bli verande. Dei har ein spennande jobb som dei kan kombinere med naturen. Å marknadsføre dette vil gjere oss meir attraktive. 

– Eg har fulgt Årdal gjennom media medan eg var i Høyanger, og i Årdal er me ikkje flinke nok til å snakke opp det positive. Av og til følte eg meg flau fordi eg måtte forsvara bygda og seie at slik var det ikkje. Det er mykje positivt me kan bringe ut i media, sa ho.

Eldegard såg også moglegheiter for Hydro, og kva dei kan bidra med av kompetanse ut i fellesskapen. 

– Kan me til dømes samarbeide med reiselivet ved å tilby omvsining på verket? 

Til toppen