POSTIVE TRASS SVAKE RESULTAT: Jotun/ÅTIL har ikkje tatt eit einaste poeng denne sesongen, men stemninga i troppen er likevel god, fortel Olafur Sveinsson. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.
POSTIVE TRASS SVAKE RESULTAT: Jotun/ÅTIL har ikkje tatt eit einaste poeng denne sesongen, men stemninga i troppen er likevel god, fortel Olafur Sveinsson. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun.

– Må ta ein kamp av gongen

Jotun/ÅTIL-trenar Olafur Sveinsson tyr til gamle sportsklisjear når han skal spå vår-sesongen for dei raude og grøne.

Årdal: Etter halvspelt sesong er tabellen alt anna enn lystig lesnad for dei som bryr seg om handballen i Årdal. Jotun/ÅTIL har ikkje tatt eit einaste poeng denne sesongen.

Laurdag er Årstad 2, som dei fekk skikkeleg juling av i november, gjestar i Årdalshallen. Etter ein månad utan kampar og med ein juleferie i mellom, fortel Sveinsson at formen sakte, men sikkert er stigande. 

Dei har mellom anna spelt ein treningskamp mot Gutar 16, ein kamp dei vann, og som islendingen drog nokre positive signal frå.

– Det går på dette med rutine og at me er smartare i vala me tar. No skal me spela mot eit lag me tapte stort mot sist, så det blir eit spørsmålteikn kor me står, seier han.

Store kontrastar

Ser ein på resultata isolert sett, kan ein kalle dette ein krisesesong, men i staden er stemninga ganske positiv i klubben, som i fjor sommar varsla ei revitalisering. 

– Det var litt usikkerheit i starten av sesongen, men eg er positivt overraska over kor mange utøvarar som har meldt seg på, og det er svært positivt å sjå korleis dei handterer resultata og situasjonen me har vore i. Ser ein alt dette under eit, kan eg ikkje vera misnøgd, meiner Sveinsson.

Porten.no sender oppgjeret mot Årstad 2 direkte frå Årdalshallen. Den kan du lytte til her frå 17.00.

Artikkelen held fram under.

Trenaren og klubben har måtta starta på nytt og bygge opp laget igjen. Kontrastane er store. Til dømes er det ingen som får noko form for godtgjersle for å spele handball. Der ligg den største ulikskapen, meiner han.

– Det er litt andre krav som blir stilt til desse utøvarane. Og så har ein denne prosessen med å samla krefter frå ÅTIL og Jotun. Det har krevd litt frå begge hald for å gjera det så godt som mogleg. I tillegg har ein prosessen med å sikra ei framtid for handballen med ei samla løysing. Det går sakte, men ein jobbar med mange ting for tida.

Usynleg progresjon

Trass i at spelarar og trenarar er nøgde med situasjon, er det eit faktum at dersom resultata held fram, blir det eit nytt nedrykk til 4. divisjon. Sjølv om resultata er litt varierande, meiner Sveinsson at det er progresjon å spora.

Artikkelen held fram under biletet.

GOD STEMNING: Trass svake resultat er stemninga blant spelarane god. Her jublar dei for ein knallgod kamp mot Florø, der dei berre tapte med tre mål. Arkiv
GOD STEMNING: Trass svake resultat er stemninga blant spelarane god. Her jublar dei for ein knallgod kamp mot Florø, der dei berre tapte med tre mål. Arkiv

– Men den blir så variert og usynleg. Ein slik prosess kan ta to-tre år med å få eit lag som er ungt i dag til å framstå med rutine. Får ein den tida, kan eg garantere at spelarane vil hevde seg godt i 4. eller 3. divisjon eller kanskje høgare. Det handlar om kontinuitet.

Før jul melde Marita Hestetun seg til teneste, ein viktig tilvekst i troppen. Med fleire slike, trur trenaren at ein ville fått litt større progresjon i resultata. Men førebels er ifølgje han umogleg å spå vår-sesongen. Islendingen held fast på at dei berre må ta ein kamp av gongen.

– Statistikken tel imot oss, og så får ein sjå på det slik at poengmessig resultat er lik null, medan sportsleg resultat har vore ganske positivt med god framgang, både når det gjeld tal utøvarar og tilfredsheit i gruppa. Det er litt pussig at medan ein tapar alle kampar, så er gruppa positiv og glad.

Ikkje uroa for eiga framtid

Det lovar i så fall godt for hans eigen del. Etter denne sesongen går den opprinnelege kontrakten hans ut, men i den er det ein opsjon på eitt år til. Og så er det opp til klubben å vurdere om dei ønskjer å ha med seg Sveinsson vidare.

– Trur du dei svake resultata vil ha noko å seie her?

– Eg les ikkje tankane til dei som sit i styret, men eg trur ikkje at det er ein vesentleg faktor. Ambisjonane og målsettingane har ikkje blitt framlagt slik at ein skal ta maksimalt med poeng og satse på topplassering eller halde plassen. Det sportslege målet er å stille lag ut frå situasjonen som var på seinsommaren, så eg trur ikkje leiinga har gjort seg opp ei meining om kva dei skal med dette.

Til toppen