MILJØBEVISST: Reiselivet må vere bevisste sitt ansvar for miljøet, seier administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge. Foto: Benedikte Grov / NPK.
MILJØBEVISST: Reiselivet må vere bevisste sitt ansvar for miljøet, seier administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge. Foto: Benedikte Grov / NPK.

– Må tilby miljøvennleg reiseliv

Fjord Norge-sjef Kristian Jørgensen trur framtidsturistane vil stille krav til miljøbevisste løysingar når dei ferierer i Noreg.

Miljø og berekraft er to stikkord ein ikkje må gløyme når ein skal planleggje reiseliv for framtida, meiner han. Allereie no legg ein merke til at dette er tema som utanlandske turistar i Noreg er opptekne av.

– Ja, absolutt. Noreg står fram som ein destinasjon som trekkjer til seg dei som er opptekne av flott, rein og urørt natur. Vi har hatt turistar som forventar at vi har ei klar haldning til det å vere miljøvennlege, noko vi i stor grad har. Og møter vi ikkje desse forventningane, kan det bli negativt på sikt, seier Jørgensen til Nynorsk pressekontor.

Miljøfly

Han meiner det er viktig at både reiselivet og næringslivet tek innover seg ansvaret ein har på miljøområdet. Samstundes er det ikkje all forureining som lar seg stogge.

– Vi er nøydde til å fly folk til Noreg. Vi ligg såpass langt vekke at det kjem vi ikkje vekk frå. Men når vi jobbar med ruteutvikling kan vi kanskje prioritere marknadsmidlar og samarbeid inn mot flyselskap som brukar dei nyaste og mest miljøvennlege flya eller som er villige til å bruke biodrivstoff, til dømes.

Artikkelen held fram under biletet.

MILJØVENLEG: Kristian Jørgensen i Fjord Norge meiner det er viktig å satse på eit miljøvennleg og berekraftig reiseliv, og at dette er noko turistar blir meir og meir opptekne av. Biletet er frå Loenvatnet i Stryn kommune.
MILJØVENLEG: Kristian Jørgensen i Fjord Norge meiner det er viktig å satse på eit miljøvennleg og berekraftig reiseliv, og at dette er noko turistar blir meir og meir opptekne av. Biletet er frå Loenvatnet i Stryn kommune.

– Vi må sjå på miljøvennlege løysingar. Dette er prinsipp og politikk som vi i større grad kan ta innover oss i arbeidet med å utvikle næringa. Og det er viktig at vi har ein tydeleg politisk bodskap om kva behov vi har, seier Jørgensen.

Lyntog?

Ein av dei moglege løysingane han ser, er lyntog, som er blitt viktig i Sverige. Medan det går over 20 tog og 14 fly mellom Stockholm og Göteborg dagleg, er det fire daglege togavgangar og 35 flygingar mellom Oslo og Bergen, ifølgje Fjord Norges administrerande direktør.

– Vi har eit ansvar som næring for å oppfordre politikarane til å ta innover seg korleis ein som samfunn kan utvikle gode, miljøvennlege transportløysingar som også reiselivet kan bruke aktivt. Vi ser at den asiatiske marknaden er veldig villig til å bruke offentleg transport, så for oss vil det faktisk vere ein konkurransefordel å kunne ha noko slikt utvikla, seier han. (©NPK)

Til toppen