– Det slo meg at han var veldig mager og tunn i år, seier Vidar Aasen, fiskar og driftar fiskemottaket Sogn Naturmat i Indre Sogn og styremedlem i «Sognefjorden vel».
Makrellen vandrar langt inn Sognefjorden, og kjem årvisst inn både Sogndalsfjorden og Kaupangerfjorden. Sporadisk kjem han inn Lustrafjorden òg. Aasen trur han endåtil vandrar inn Årdals- og Lærdalsfjorden. Han kjem vanlegvis inn fjorden i august og september, og so går han djupare ned og under radaren til sportsfiskarane seinare ut på hausten.
Aasen er sjølv mykje på fjorden, og i år fiska han mest makrell i Sogndalsfjorden, Aurlandsfjorden og i Sognefjorden nært Leikanger.
Fleire tilfelle av at han åt sine eigne i år
Samstundes som Aasen observerte uvanleg mange magre, små makrell i år, såg han også andre andre som var riktig store og feite og gode.
– Men både eg og mange av dei tidlegare kollegaene mine frå akvakulturlina på høgskulen (den tidlegare akvakulturlina på Høgskulen i Sogndal) reagerte på at dei store makrellane hadde ete veldig mange av sine eigne artsfrendar i år, seier Aasen.
Makrellen er altetande, og et både frå planteriket og alle fiskar som han klarar å gapa over.
At han kan vera kannibal, er ikkje noko nytt, men at han et so mange av sine eigne er uvanleg, og Aasen trur det òg kan fortelja om eit skrint matfat.
Han fortel at det som nok lokkar makrellen inn mest heile Sognefjorden, er brislingen, som han beitar på.
– Kan det ha skorta på brislingen i år?
– Eg vil ikkje spekulera. Makrellen har eit so vidfemnande matfat, og det kan vera so mange grunnar til det magre året. Det er mykje som skjer i det store biletet no også. Til dømes har makrellen vandra lenger nord enn tidlegare, og for fyrste gong teke seg til Svalbard, seier Aasen.
Han nemner likevel at Havforskningsinstituttet rådde frå å gje kvoter til brislingfiske i Sognefjorden i år, etter å ha funne lite brisling på eit hausttokt inn Sognefjorden i 2016. Men so kom dei likevel til eit kompromiss med Fiskeridirektoratet om ei samla kvote på 200 tonn brisling for fiskarane.
– Brislingfiskarane på fjorden klarte so å få inn kvota, og sa dei observerte greit med brisling på fjorden, fortel Aasen.
Langs norskekysten har det vore snakk om radmagre makrellar