Magisk oppleving i Frikjent-kulissane

Highasakite avslutta Målrock 2015 med eit storslagent lysshow og innfridde forventningane til publikum med ekstranummer av kjenningsmelodien til TV2-serien "Frikjent".

– Det er latterleg fint her, fortel bandet då Porten.no traff dei før lydsjekken på laurdag.

Korleis vert det å spele i scenekulissane til Frikjent?

– Det blir kult! Me gler oss veldig!

Lysshow

Allereie då Highasakite entra scena, joma brøla frå publikum. Det var tydeleg at forventningane var høge til årets siste Målrock-konsert. 

Sjå også biletegalleri frå konserten øvst i saka.

Betre vart det ikkje då dei byrja med låta "Keep that letter safe", kjenningsmelodien til serien "Frikjent".

Vokalisten Ingrid Helene Håvik fortel at låta eigentleg vart laga til albumet "Silent Treatment", men at den ikkje kom med. 

– Det var produsenten vår, Kåre Christoffer Vestrheim, som foreslo låta "Keep that letter safe" til produsentane av serien, seier ho.

Musikken, i kombinasjon med eit magisk lysshow, gjorde laurdagskvelden spesiell for alle dei vel 2000 personane på festivalområdet. 

Sinnsjukt bra

Highasakite såg veldig fram til å spele i Årdal denne laurdagen, og det såg ut til at forventningane innfridde for begge partar.

– Og line-upen (programmet, journ. mrk) til heile Målrock er jo sinnsjukt bra, seier bandet.

Til toppen