UHELDIG: Per Magnus Steiring fekk vist seg fram i begge endar i bana.. Sjølvmålet etter ein time viste seg å verta avgjerande.
UHELDIG: Per Magnus Steiring fekk vist seg fram i begge endar i bana.. Sjølvmålet etter ein time viste seg å verta avgjerande. (Foto: Halvor Farsund Storvik )

Stopparkjempa vart syndebukken: – Slikt som kan skje

Like etter at Per Magnus Steiring (22) nesten hadde sendt Sogndal i føringa, låg han fortvila i graset etter å ha stupheada ballen i eige nett.

Sogndal-Start: 0-1 (0-0)

I det 57. minutt stod sogndalsspelarane i kø på blank kasse, men Steffen Ernemann heada innlegget rett på Start-keeperen. Bak han kom Per Magnus Steiring stormande.

KJEMPING: Ole Amund Sveen meiner tydelegvis han burde hatt straffe tidleg i kampen. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Eg håpte han skulle sleppa den ballen til meg, for då hadde eg skåra, seier ein sjølvironisk Steiring etter kampen.

For knappe to minutt hadde passert då stopparen igjen fekk sjansen framfor kassa. Denne gongen sat stupheadinga i krysset, men uheldigvis var perleskåringa i feil ende.

– Når du skårar sjølvmål er det alltid noko du kunne gjort anleis, men det er eit godt innlegg som desverre sklir av panna mi. Det er slikt som kan skje når du er forsvarsspelar, seier Steiring.

RESULTATLAUS KRIGING: Toppskårar Sigurd Haugen måtte igjen gå tomhendt av bana, i ein kamp der han hadde nok av sjansar. Foto:  Halvor Farsund Storvik 

Sogndal best før sjølvmålet

Dei første femti minutta var sjansefattige, men då sola gjekk ned over Fosshaugane vakna kampen til live. Først tok Steffen Ernemann fram boksopnaren. Ein strøken pasning sende Sigurd Haugen åleine mot keeper, men avslutninga strauk stanga på feil side. Like etter hadde Start eit skot i tverren.

Sjølvmålet kom etter ein knapp time, i ein periode då Sogndal dominerte. Det tok ikkje lang tid før laget fekk summa seg etter kalddusjen. Flotte kombinasjonar sette Joachim Soltvedt i skotposisjon i det 67. minutt, men keeperen fekk fista vekk avslutninga.

SØRLANDSVÊR: Det var lenge sydentemperaturar ute på matta, men kampen tok først fyr då sola hadde gått ned. Foto:  Halvor Farsund Storvik

Etter dette roa kampen seg til det var åtte minutt igjen, då begge laga fekk kvar sin feite sjanse. Igjen vart ikkje Haugen klinisk nok, men ballen kom til gjengjeld på feil fot og vinkelen var heller ikkje enkel.

Sleit i varmen

På slutten var det klart at varmen hadde tatt på kreftene, og Start greidde å ri dei tre poenga i land.

– Me hadde eit par store sjansar og hadde god flyt rett før dei skårar. Då går lufta litt ut av oss, og me har lite krefter dei siste tjue minutta. Det er surt, for eg synst me fortener minst eitt poeng, seier Steiring.

Trenar Eirik Bakke var nøgd med innsatsen, sjølv om det ikkje gav uttelling. 

– Me la opp til ein god taktisk kamp, følte eg, og me hadde sjansane. Då er det surt å ikkje sitta att med noko, seier han.

Til toppen