NOK EIT TAP: Sogndal har framleis til gode å finne sigersformelen på bortebane denne sesongen etter eit nytt tap for Vålerenga. Foto: Halvor Farsund Storvik.
NOK EIT TAP: Sogndal har framleis til gode å finne sigersformelen på bortebane denne sesongen etter eit nytt tap for Vålerenga. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Måla held fram med å renne inn på bortebane for Sogndal​

På toppen av det heile mista Sogndal nok ein spiss på grunn av skade.​ – Kampen vart avgjort då Ramsland måtte ut.​

Vålerenga - Sogndal: 3-0

Bortebanespøkelset held fram med å plage Sogndal denne sesongen. På tre kampar er fasiten null poeng og ni scoringar i mot. 

At den dårlege trenden held fram, sørga Vålerenga for søndag. Hovudstadslaget har heller ikkje hatt ei særleg sterk opning på sesongen, men mot Sogndal losna det då Christian Grindheim stanga inn 1-0 like før pause.

Sjå høgdepunkta frå kampen i videovindauget øvst i artikkelen. 

Då hadde gjestane frå Sogn allereie mista ein av sine viktigaste spelarar. Martin Ramsland måtte ut med skade allereie etter halvtimen. Og vondt blei fort verre, for før dommaren rakk å blåsa av til pause gav Jonatan Tollås Nation heimelaget 2-0.

Avgjorde kampen

Sogndaltrenar, Eirik Bakke, meiner kampen blei avgjort då Ramsland måtte ut.

– Når han forsvinn, så mistar me kampen, for me er gode før det. No har me mange skadar, og så får me håpa at han ikkje er lenge ute, sa Bakke til Eurosport etter kampen.

Han forklarer vidare at laget ikkje skapte nok, men at dei kunne ha vunne kampen om dei nytta sjansane fullt ut. 

– Det er kjedeleg at kampen enda slik. Me kan ikkje la Vålerenga skåra slike mål om me vil spela på dette nivået. 

Finne sette punktum

2. omgang vart eit i grunnen eit langt gjesp med få sjansar. Nærast for Sogndal var Bendik Bye, som kan rekne med ein del speletid framover med både Ramsland og Ole Amund Sveen ute. Førebels er det usikkert kor lenge Ramsland blir verande på sidelinja.

Scoring vart det likevel også i 2. omgang. Den var det Bård Finne som stod for då han like før slutt fastsette sluttresultatet til 3-0. 

No ventar Lillestrøm på Fosshaugane neste helg i det som kan bli eit botnoppgjer dersom LSK ikkje tek poeng mot Brann søndag kveld. 

Til toppen