LEVERTE: Årdals elleve leverte sterkt på bortebane mot Syril laurdag og scora heile sju mål.
LEVERTE: Årdals elleve leverte sterkt på bortebane mot Syril laurdag og scora heile sju mål. (Foto: Elin Hæreid / Arkiv)

Måla kom på løpande band, Årdal vann 7-1 mot Syril på bortebane

I femte runde av kretsligaen fekk Årdal FK endå ein siger på i lomma.

Syril - Årdal 1-7

Laurdag vitja ellevaren til Årdal FK Syril på kunstgrasmatta i Leikanger. Det resulterte i ein forrykande målfest for gjestane. 

Allereie til pause leda Årdal heile 0-4. Då dommar Yngve Håkonsen blas av hadde dei nesten dobla, og kampen enda 1-7. 

Hovland leverte i 1.omgang

Nicolai Laberg starta kalaset etter knappe 16 minutt ut i kampen, då han planta ballen i Syril-nettet frå 16.meteren. 

Deretter kom måla på løpande band servert frå toppscorar Truls Hovland.

I 29.minutt fekk ballen frå Joachim Furset og rulla han i mål etter litt rot i feltet. I 41.minutt gjorde han det igjen, og endå ein gong i 44.minutt. 

Målfest

I andre omgang var heimelaget framleis sterkast. Hovland opnar ballet med mål nummer fem i 53.minutt. Tre minuttar kom Ole Gunnar Kjødnes fram og sette ballen i mål og stillinga er 0-6. 

Vertane får etterkvart låne ballen, og i 60.minutt sette Cornelis Erstad ballen i Årdal-nettet. 

Då kampen gjekk mot slutten fekk Terje Øvstetun Laberg ballen frå Nicolai Laberg, og igjen var det mål for gjestane. Stillinga stod 1-7 til slutt. 

Etter femte runde har heimelaget fire tap mot Eid, Bremanger og Høyang og no Årdal. Dei har éin siger mot Kaupanger på kappa. Gjestane har fire sigrar og eitt tap mot borte mot Eid. 

Neste kamp for Syril blir borte mot Tornado Måløy på torsdag. For årdølene ventar borte mot Stryn på torsdag.  

Til toppen