POENGDELING: Syril fekk med seg eitt poeng heim etter bortekampen mot Bremanger. Arkivfoto.
POENGDELING: Syril fekk med seg eitt poeng heim etter bortekampen mot Bremanger. Arkivfoto. (Foto: Elin Hæreid)

Målfest då Syril spelte uavgjort

Syril spelte laurdag borte mot Bremanger. Kampen enda til slutt 3-3, etter at Syril mista leiinga på tampen av kampen.

– Me er i utgangspunktet nøgd med eitt poeng, men det er klart at det er seigt å ikkje få alle poenga, når me mistar sigeren so seint i kampen, seier Eirik Husabø. Stoggaren følte Syril gjorde ein grei bortekamp, men meinar dei kunne skåra fleire mål. 

– Det var ikkje noke underholdande kamp, men me låg fint å ramma, og prøvde å kontra, noko me klarte, sjølv om me fort kunne skåra noko fleire mål. 

Dei gule fekk ein dårleg start då måltjuven Anders Frøyen sette inn 1-0 til heimelaget etter omlag 14 minutt spelt. Syril kom tilbake før pause, og utlikna ved Ole Morten Søderholm, omlag ti minutt før sidebytte. 

Etter kvilen tok Bremanger nok ein gong leiinga då Tore Rylandsholm skåra 2-1, etter eitt kvarter spelt. Syril kom nok ein gong tilbake då den erfarne angriparen Anders Lunde Hjeltnes utlikna, med 12 minutt att å spele av ordinær tid. 

Fem minutt før full tid kunne nemnde Husabø blitt matchvinnar då han gav Syril leiinga, men Bremanger slo tilbake med ein gong og utlikna ved Martin Klakegg Hauge. Systrendingane måtte avslutta kampen med ein mann mindre då Sondre Søderholm vart utvist, og måtte gå tidleg i dusjen, noko som ifølge lagkamerat Husabø var for hardt. 

– Det var ei tøff takling, men eg tykkjer den var i strengaste laget, seier stoggaren. 

Dermed fekk Syril med eitt viktig poeng heim, noko som kan bli verdifullt i kampen om å overleva i kretsligaen. Syril ligg nest sist på tabellen, med ti poeng etter 13 spelte kampar. 

Imponerande siger for Studentspretten - smell for Sogndal 2

 

Studentspretten spelte laurdag heime mot tabellnabo Stryn. Studentane vann kampen 2-0, etter at det var mållaust til pause. Dermed beheld Studentspretten fjerde plassen på tabellen med 23 poeng.

Sogndal 2 har også vært i aksjon laurdag. Dei fekk det tøft borte mot Vard Haugesund, og tapte heile 6-0. Heimelaget skåra ikkje mindre enn fem mål på ti minutt i andre omgang. Sogndal 2 ligg sju poeng framfor Fjøra på nedrykk, men Fjøra har ein kamp mindre spelt.

Til toppen