SIGER: Fjøra sigra 5-1 over Rollon laurdag. Foto: Arkiv
SIGER: Fjøra sigra 5-1 over Rollon laurdag. Foto: Arkiv

Målfest for Fjøra 

Laurdag spela Fjøra mot Rollon på heimebane. Kampen blei ein skikkeleg målfest. 

Sogndal: Fjøra spela mot Rollon på heimebane laurdag. Fjøra sette inn heile 5 mål og sigra dermed over motstandarane.

Fjøra fekk med seg 3 poeng etter sigeren og ligg då på 5.plass med 31 poeng. Motstandarane Rollon ligg på nest siste plass med 12 poeng. 

Fjøra - Rollon: 5-1 

I første omgang sette Kaptein Gøran Wigum inn det første målet for Fjøra på straffespark. Like etter scoringa, sette Mats Nondal inn endå eit mål. Stillinga var då 2-0. 

I andre omgang scora Mathias Flo 2 mål for Fjøra. Joar Hoberg kom også på scoringslista til heimelaget med eit mål. 

Like før slutt fekk bortelaget eit mål, og resultatet på denne kampen enda 5-1 til Fjøra. 

Til toppen