JUBEL: Det var ein deilig følelse for laget å endeleg sjå ballene gå i mål.
JUBEL: Det var ein deilig følelse for laget å endeleg sjå ballene gå i mål. (Foto: Youri van der Werve)

Målfest på Fosshaugane – fem (!) mål på berre 12 minutt

Etter å ha hatt store utfordringar med å skåre mål løsne det totalt foran mål for Sogndal i dagens kamp mot Strømmen.

Sogndal - Strømmen 5-1

– Me får igjen ein i mot, men viser ein fantastisk mentalitet og kjem sterkt tilbake, seier Eirik Bakke etter kampen.

BENKEN: Det har ikkje vore så ofte ein kunne sjå benken juble så mykje under ein heimekamp denne sesongen. Foto: Youri van der Werve

Etter eit lita kvarter skjedde det som alle frykta skulle skje. Laget som ikkje hadde klart å skape noko i det heile satte kampens første mål og det såg igjen mørkt ut for Sogndal på heimebane.

Men heldigvis for laget som har opplevd akkurat dette fleire gongar denne sesongen, klarte dei no å svare med Sigurd Haugen berre fire minutt etterpå.

Forventningane er store

– Det var viktig at me fekk vårt første mål så fort etter at dei hadde skåra. Så skåra me dei andre måla på veldig kort tid, det er ikkje noko me har gjort før i år.

For berre sekund etter at stadion hadde roa seg ned kunne dei igjen juble etter at Mandic satte hans første for kvelden. Etter det løsna det heilt og skåra både Mandic og Haugen ein til, i tillegg at Schulze skåra mot gamle laget.

– Det er vanskeleg når ein har gått ned ein divisjon. Forventningane er alltid at ein skal rett opp at. Eg trur alle blir påverka av det når ein ikkje greier å innfri, seier Bakke om korleis laget har takla den siste tida.

For alle var det deilig å sjå at det endeleg løsna for sogndølane.

Ein lang veg fram

Uheldigvis for publikum skulle andre omgangen ikkje bli like bra. Dommaren kunne heller ha takka for kampen etter 45 spelte minutt. Begge laga hadde det vanskeleg med å skape sjansar og resultatet var den same då dommaren faktisk blåste for å avslutte kampen som den hadde vore i ein heil time.

Likevel er det ikkje noko negativt å seie om eit lag som klarer å snu ein kamp til det positive på så kort tid.

FANS: Når ein skårer to mål på ein kamp er det mange som har lyst å gratulere deg. Etter kampen var mange supportarar å finne både på tribuna og på bana for å takke og gratulere spelarane. Foto: Youri van der Werve

– I dag skal me gleda oss over sigeren. Ein slik kamp som dette er ikkje vanleg i Obos, og det blir nok mange fleire 1-0 kampar som førre kamp. Eg håpar sjølvsagt at me fortsetter å spele slik som me gjor i første omgang.

Dei to siste kampane har Bakke spelt med same spelarar i ein 4-3-3 formasjon og det ser ut som han har funnet laget han er fornøgd med.

– Det seier seg sjølv at eg har lyst å fortsette å spela med denne lagoppstillinga, men me har fått mange spelarar tilbake frå skade og har gode moglegheiter til å rotere. Eg ser eit lag som har lyst å spele i Eliteserien 2019. Det er likevel ein lang veg fram, og me må fortsette å vinne kampar slik som i dag.

Til toppen