RETT I NETTET: Truls Hovland sendte heimelaget i leiinga etter 16.minutt på Jotun stadion.
RETT I NETTET: Truls Hovland sendte heimelaget i leiinga etter 16.minutt på Jotun stadion. (Foto: Elin Hæreid)

Målfest på Jotun stadion: Årdal sikra seg tre poeng med 4-0 siger over Høyang

Truls Hovland scora to mål på Jotun stadion torsdag.

 Årdal-Høyang 4-0

Torsdag kveld fekk raudskjortene frå Årdal besøk av Høyanger sine elleve på Jotun stadion.

ÅFK tok tidleg leiinga då Truls Hovland heada ballen i nettet etter corner frå Terje Øvstetun. 

Heimelaget var sterkast frå start, og styrte første halvtimen av kampen. Gjestane kom sterkare tilbake dei siste 15.minutta.

Etter pause var det igjen heimelaget som tok styringa av kampen. Det hagla med gode sjansar. I 55. minutt passa Fredrik Sørli ballen til Eirik Rode. Cafu kjem opp høgresida og slår eit nydeleg innlegg som landar rett på hovudet til Sørli. Ballen går over mål. 

Snaue ti minuttar seinare er Hovland tilbake. Joakim Furset fekk ballen og fann Hovland, som sette han i nettet. 

I 77.minutt er det mål igjen. Denne gongen frå Johnny Aspeseter Hagen. Det heile starta med at Eirik Rode vert takla, som endar med at dommar dømmer fordel for dei raude. Ballen havnar hjå Aspeseter Hagen, som sette ballen sikkert i mål. 

I 90.minutt kom Anders Lereng og sikkert sette ballen i nettet etter innlegg frå Cafu. 

Til toppen