Hyllestad: Syril har vunne avdeling 1 i 5. divisjon. Det kan dei takke Bård Henjum for etter helgas møte med Hyllestad/Dale 2.
Målet hans viste seg nemleg å bli heilt avgjerande i kampen om 1. plassen etter som Balestrand snudde og vann 3-2 heime mot Askvoll/Holmedal.
Hyllestad/Dale 2 tok sitt første poeng for sesongen då dei heldt dei gule og svarte til 2-2 i Hyllestad. Etter at Ole Morten Søderholm gav Syril leiinga, svarte Tommy Holm og Einar Aase for heimelaget. Sidan Balestrand låg under mot Askvoll/Holmedal, hadde det ikkje gjort noko med tap.
Men i det timen vart runda kom utlikninga frå Henjum, og den skulle vise seg å bli avgjerande.
For i Balestrand hadde heimelaget starta ein snuoperasjon som først vart avslutta på overtid. Etter at Anne Aune utlikna i første omgang, stod det lenge 2-1 til Askvoll/Holmedal, men på overtid fekk Balestrand straffe, som Birk Isane sette. Og før dommaren rakk å blåse av kampen, hadde Anne Aune sett sitt andre og avgjort til 3-2.
Balestrand enda dermed på 28 poeng, det same som Syril, men med ein langt svakare målforskjell.
På same tid vart det spelt om «bronse» i Årdal. Her møttest Årtdal 2/Jotun/ÅTIL og Bjørn til eit oppgjer som til slutt enda 4-4. Med det fekk årdølene 3. plassen med 24 poeng, medan Bjørn fulgte rett bak med 23.
Tabellen ser dermed slik ut
Lag | Poeng | |
1. | Syril | 28 |
2. | Balestrand | 28 |
3. | Årdal 2/Jotun/ÅTIL | 24 |
4. | Bjørn | 23 |
5. | Fure | 21 |
6. | Askvoll/Holmedal | 21 |
7. | Førde 3 | 13 |
8. | Hyllestad/Dale 2 | 1 |