Malin Hovland Hellebø
Malin Hovland Hellebø (Bilde: Privat)

Malin har vore programleiar for hundre «Dyrevenn»-episodar på NRK

Ho er eigentleg utdanna musikklærar, men då ein kompis søkte på jobben som programleiar for «Dyrevenn» på NRK, fann Malin Hovland Hellebø ut at ho ville søkja, ho også.

Oslo/Lærdal: – Så fekk eg den. Eigentleg har eg vel alltid hatt litt lyst til å bli programleiar, men det er jo ikkje slikt ein ser på som realistisk, seier 28-åringen frå Lærdal.

At ho knabba «draumejobben» rett framfor nasen på kompisen, gjekk også bra.

– Me er framleis vener, heldigvis. Eg vann i spelet og han i kjærleiken, for han fekk seg dame rett etterpå. Så då tenkjer eg det vart uavgjort.

Det er fire og eit halvt år sidan og Malin har leia ganske mange program av «Dyrevenn» på tida som har gått. Ho er inne i sin åttande sesong og har, etter utrekningar Porten.no har gjort, akkurat bikka episode nummer hundre som programleiar.

– Eg er ganske involvert i heile prosessen; både research og manus i framkant og no har eg vorte med på klippinga og redigeringa etter innspeling også. Og det er veldig artig. I det heile likar eg svært godt å jobba med TV, og vil helst gjera det resten av livet. Ikkje nødvendigvis som programleiar, eg kan gjerne tenkja meg å prøva litt regi.

Vart kåra til den nest største idioten i TV-program

Den siste sesongen av «Dyrevenn» er litt annleis enn dei sju føregåande ho har jobba med. Programmet har vorte flytta over frå lineær-TV til nett-TV i år, og dermed er også konseptet endra.

– For å gjera «Dyrevenn» meir tilpassa nett har me gått vekk frå dei lengre magasinprogramma og meir over på kortprogram. Samstundes er produksjonen flytta frå Bergen til Oslo, så eg flytta hit i januar. Og det er fint fordi dei andre NRK Super-programma blir laga her, så då får eg jobba litt meir på tvers med andre program og redaksjonar.

Mellom anna har ho nett vore med på eit slags annleis «realityshow» som går under det mystiske namnet «Idiotatlon». Ifølgje programskildringa går det ut på at deltakarane skal gjennom «helt utrolig teite øvelser. Prestasjoner, ferdigheter og kunnskap teller lite når vinneren av Idiotiatlon skal kåres».

– Me har ein eigen You Tube-gjeng i NRK Super som har laga dette programmet. Det er om og gjera å bli den største idioten.

– Og kva plass kom du på?

– Andreplass.

– Du gjorde det skarpt, med andre ord.

– Det kjem vel an på auga som ser.

Slo Trude Mostue i «Fingrene av fatet»

 I fjor fekk ho også testa kokkeferdigheitene på TV, då i TV2-programmet «Fingrene av fatet» der to kjendisar møtest til kokkeduell med rettleiing frå profesjonelle kokkar. Temaet for programmet var at to dyreglade kjendisar skulle kokkelera mot kvarandre, så motstandar var veterinær og TV-personlegdom Trude Mostue.

– Eg fekk uppa kjendisstatusen min litt der, humrar ho.

Malin vann også mot Mostue, med minste moglege margin.

– Eg gjekk så vidt av med sigeren og slo Trude med 0,1 poeng. Det var heilt rått! Men om det var kjøkenferdigheitene eller sjarmen som avgjorde, er eg ikkje sikker på. Eg er ikkje akkurat den fødde kokk.

Ønskjer seg hund. Og alpakka

Ho er sjølvsagt glad i dyr, og spesielt menneskets beste ven.

– Det beste med denne jobben kan skildrast i eitt ord: hundekvalpar. Det er kanskje litt feil og favoriserande å trekkja fram nokon særskild, men hundekvalpar er heilt fantastisk.

Så sjølv om Malin ikkje har dyr sjølv, er det ganske opplagt kva ho ønskjer seg. Ein av to, i alle fall.

 – Ein hund. Og ein alpakka.

– Litt vanskeleg å bu i Oslo med ein alpakka, kanskje?

– Den treng jo berre ein hage. Ein litt stor hage, kanskje. Så det får bli viss eg blir rik ein dag. Eller eg kan kjøpa ein stor hage og bu i telt og ha ein hund og eit par alpakkaer gåande der.

Artikkelen held fram under biletet

DYREVEN: Malin får sjølvsagt nærkontakt med mange slag dyr i programleiarjobben.
DYREVEN: Malin får sjølvsagt nærkontakt med mange slag dyr i programleiarjobben. Foto: Privat

 

Må få med seg Jordeplerock eller Kom heimatt. Eller helst begge

Då hadde det kanskje vore enklare å flytta heim til grøne Lærdal. Ein tanke som også har slått henne.

– Kvar gong eg er heime tenkjer eg at eg skal flytta heim og kjøpa meg eit hus i Gamlegata og ha hunden og alpakkaen der. Men så tenkjer eg at eg må bu litt meir i Oslo og sler det frå meg.

Men ein lengre sommarferie i Lærdal er eit musst. Og då er det nokre faste ingrediensar i ferieringa.

– Eg må heim til Lærdal om sommaren og få med meg i alle fall Kom heimatt eller Jordeplerock Aller helst begge, men i år vart det Jordeplerock.

Til toppen