NYNORSK: Ikkje mindre enn 48 av 49 polutsal som held til i nynorskkommunar, profilerer seg på nynorsk etter at Kulturdepartementet i 2011 slo fast at Vinmonopolet må rette seg etter mållova og skilte og ha informasjon på nynorsk ved desse utsala. Foto: Noregs Mållag.

Mållaget hevar glaset for Vinmonopolet

Så godt som alle Vinmonopola som ligg i nynorskkommunar, profilerer seg no på nynorsk, slik dei skal. Det får Noregs Mållag til å heve glaset av rein begeistring.

Årdal: Ikkje mindre enn 48 av 49 polutsal som held til i nynorskkommunar, profilerer seg på nynorsk etter at Kulturdepartementet i 2011 slo fast at Vinmonopolet må rette seg etter mållova og skilte og ha informasjon på nynorsk ved desse utsala. Det viser ei ringjerunde som Mållaget har gjort.

– Det er ei glede å sjå at Vinmonopolet har retta seg etter pålegget frå Kulturdepartementet på eksemplarisk vis. Dei fortener ein skål, seier mållagsleiar Marit Aakre Tennø, som oppmodar private verksemder, ikkje minst dei store kjedene, til å følgje Vinmonopolets eksempel.

Dei fleste av nynorskpola, 35 i alt, ligg i vestlandsfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland, mens det òg finst ein del nynorskpol i både Buskerud, Oppland, Rogaland og Telemark.

Alle nynorskpola får i desse dagar takkebrev med skryt frå Mållaget og eit eige «Nynorsk verksemd»-klistermerke. (©NPK)

Til toppen