MEIR NYNORSK: Den nye rammeplanen for barnehagane som skal innførast neste år, må sikra at alle barn, og særleg i nynorskkommunar, får møta nynorsk gjennom språkopplæringa til barnehagane, krev Noregs Mållag.​ Biletet er frå opninga av det nye uteområdet i Lærdalsøyri barnehage. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MEIR NYNORSK: Den nye rammeplanen for barnehagane som skal innførast neste år, må sikra at alle barn, og særleg i nynorskkommunar, får møta nynorsk gjennom språkopplæringa til barnehagane, krev Noregs Mållag.​ Biletet er frå opninga av det nye uteområdet i Lærdalsøyri barnehage. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Mållaget krev meir nynorsk for dei minste

Den nye rammeplanen for barnehagane som skal innførast neste år, må sikra at alle barn, og særleg i nynorskkommunar, får møta nynorsk gjennom språkopplæringa til barnehagane, krev Noregs Mållag.

Indre Sogn: – Barnehagane er ein særs viktig arena for språkopplæring. Eit mål med opplæringa er å gjera barna klare til skulestart, seier nyvald leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.

Han meiner den noverande praksisen i barnehagane ikkje stettar kravet om at barna blir kjende med språket dei skal læra på skulen.

– Eit grunnleggjande problem er at barnehagelærarutdanninga ikkje tek føre seg korleis barnehagen skal førebu barna på å bli nynorskelevar, seier Aasbrenn.

Han peikar på at den gjeldande rammeplanen inneheld mange formuleringar om rettane samiske barn har til å møta samisk i barnehagen og at det difor er mogleg med ei språkregulering i barnehagen.

Til neste år skal det etter planen innførast ein ny rammeplan for barnehagane. Landsmøtet i Noregs Mållag krev at planen inneheld ein lovfesta rett til nynorskmateriell for barnehagebarn i nynorskkommunar.

– Stortinget må lovfesta at alt opplæringsmateriell for barnehagen skal vera tilgjengeleg både på nynorsk og på bokmål, heiter det i kravet frå Noregs Mållag. (©NPK)

Til toppen