I HARNISK: Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, liker dårleg det siste språklege krumspringet frå programkomiteen til Høgre.
I HARNISK: Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, liker dårleg det siste språklege krumspringet frå programkomiteen til Høgre.

Mållaget: – No vil Høgre tvinge nynorskelevar til å skrive bokmål

Forslag frå programkomitèen i Høgre får mållaget til å sjå raudt.

Programkomiteen i Høgre føreslår å fjerne karakter og eksamen i sidemål på ungdomsskulen og i vidaregående opplæring. Det meiner Noregs Mållag vil vere å avskaffe heile sidemålsordninga og dermed forverre kåra til nynorsken.

– Høgre stadfestar inntrykket av at partiet no vil nynorsken til livs, seier leiar Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

Les også: Lanserer første mobiltastatur på nynorsk
Les også: Fleire innvandrarar får opplæring på nynorsk

Ønskjer eksamen på begge målføre

Noralv Distad, høgreordførar i Aurland og gruppeleiar på fylkestinget, meiner mållaget går for langt i kritikken.

– Å seie at Høgre vil nynorsken til livs, det har dei ikkje dekning for, seier han.

GLAD I NYNORSK: Noralv Distad (H) seier han vil stå opp for nynorsken.
GLAD I NYNORSK: Noralv Distad (H) seier han vil stå opp for nynorsken.

Likevel har fylkespartiet ein jobb å gjere før programmet skal bli vedteke på landsmøtet til neste år.

– Eg for min del, og det gjeld Sogn og Fjordane Høgre òg, vil stå opp for at vi ikkje berre skal ta vare på nynorsken, men gje den ei trygg og god framtid. Eg opplever at nynorsken er rotfesta og står sterkt. Men det bør framleis vere undervising og eksamen på begge målføre.

Fryktar elevar kan bli tvinga til å velje bokmål

Mållaget fryktar at nynorskungdom vil bli sett under stort press om elevane skal bli tvinga til å velje anten bokmål eller nynorsk på skulen.

– Om Høgres framlegg skulle gå igjennom, må elevar i Sogn og Fjordane gå over til bokmål om dei skal ha håp om tilsetting på mange arbeidsplassar på Austlandet. Eit vidaregåande-vitnemål som berre viser nynorskkunnskapar, vil sende dei bakover i køen, seier Aasbrenn.

Han karakteriserer framlegget som «korttenkt og skuffande populisme».

– Får Høgre det som partiet vil, vil det vere ei dramatisk endring av stoda for nynorsken i Noreg, seier han.

Tek gjerne mot råd

Ole Gunnar Krakhellen er einaste representanten frå Sogn og Fjordane i programkomitèen. Han understrekar at det berre er eit utkast dei no sender ut på høyring. Programmet skal bearbeidast på nytt før det endeleg blir vedteke på landsmøtet neste år.

Men han innrømmer at det ikkje berre er lett å vere ein einsleg svale frå nynorskland. 

– Sogn og Fjordane Høgre har ikkje alltid vore einige i profilen til Høgre sentralt i denne saka. Eg har eit sterkt ønskje om å vere med og moderere sidemålsmotstanden i partiet og føler eg har lukkast til ein viss grad med det, seier han.

Krakhellen seier han har ein god dialog med mållaget og tek gjerne imot synspunkt på korleis han bør jobbe fram mot det ferdige forslaget.

– Det er ei erkjenning at eg får ikkje endra synet på sidemål hos fleirtalet i Høgre sentralt. Men innanfor rammene for vedtaket, så vil eg prøve å innrette det på ein så god måte som mogleg, som sikrar at elevane får god undervising på begge målføre, seier Krakhellen.

Til toppen