SJOKKERT: Mållagsleiar Magne Aasbrenn er sjokkert over framlegget frå programkomiteen i Høgre om å avvikle den obligatoriske undervisninga i skriftleg sidemål i skulen. – Korttenkt populisme, meiner han. Foto: Noregs Mållag
SJOKKERT: Mållagsleiar Magne Aasbrenn er sjokkert over framlegget frå programkomiteen i Høgre om å avvikle den obligatoriske undervisninga i skriftleg sidemål i skulen. – Korttenkt populisme, meiner han. Foto: Noregs Mållag

Mållaget raser mot Høgre-program

– Dette kan ikkje Høgre meine alvorleg, seier leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, etter at programkomiteen i Høgre no går inn for å avvikle den obligatoriske skriftlege sidemålsundervisninga i skulen.

Indre Sogn: Det hjelper lite at programkomiteen med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i spissen samtidig vil «sikre tekster og kompetansemål på begge målformer i undervisningen».

– Nynorskbrukarane er avhengige av godvilje frå fleirtalsspråkbrukarane for å kunne nytte språket sitt. Meistrar fleritalsspråkbrukarane det mindre brukte språket, så vil mindretalsspråkbrukaren kunne bruke språket sitt overalt. Ei svekking av sidemålsordninga er ei svekking av dei språklege rettane til nynorskbrukarane, seier Aasbrenn.

Framlegget går eit grundig hakk vidare enn tidlegare Høgre-vedtak om å gjere eksamen i skriftleg sidemål valfri i både vidaregåande og ungdomsskule. Det nye er at partiet no òg vil fjerne den obligatoriske undervisninga i skriftleg sidemål, om programkomiteen får tilslutning på partilandsmøtet.

– Får Høgre det som partiet vil, vil det vere ei dramatisk endring av stoda for nynorsken i Noreg, og heilt utan at Høgre ser ut til å ha tenkt på korleis ein vil kompensere for eit så stort tap av nynorskkunne i allmenta.

– Framlegget verkar mest som korttenkt populisme, meiner mållagsleiaren. (©NPK)

Til toppen