JAMNGODE: Som i oppgjeret på Fosshaugane i førre sesong, enda dagens kamp på Gran Canaria 0-0 mellom vestlandsrivalane. Foto: arkiv.
JAMNGODE: Som i oppgjeret på Fosshaugane i førre sesong, enda dagens kamp på Gran Canaria 0-0 mellom vestlandsrivalane. Foto: arkiv.

Mållaust mellom Sogndal og Brann

Målte krefter på Gran Canaria knappe to månader før seriestart.

Sogndal-Brann: 0-0

Dei to vestlandsrivalane møttest i dag til den første av to treningskampar i oppkøyringa til årets Eliteserie. Det enda med poengdeling, då ingen av laga greidde å få ballen over streken.

I følgje VG hadde Fredrik Flo den største sjansen då han midtvegs i andre omgang runda keeper, men bomma på ballen då han skulle avslutte.

Sogndal stilte med følgjenade mannskap frå start: Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Per Magnus Steiring, Victor Grodås - Gilbert Komsoon, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Simen Brekkhus - Bendik Bye, Ole Amund Sveen.

Benken bestod av Kristian Rutlin, Tarjei Omenås, Edin Øy, Tomas Totland, Fredrik Flo, Eirik Skaasheim, Magnus Pedersen, Vegard Leikvoll Moberg, Ulrik Fredriksen og Kristinn Jonsson

Før møtet med Brann stod Sogndal med tre sigrar mot Førde, Florø og Kristiansund i årets treningskampar. Neste motstandar er Åsane i Sognahallen på søndag.

Til toppen