Sogndal: – Eg er rørt, stolt, audmjuk og takksam for å få denne prisen. Det varmar veldig å bli sett, og at andre synst at eg har gjort eit godt arbeid, sa ho då tok imot prisen framfor politikarane i kommunestyret.
Malmanger kjem frå Hardanger, men er busett i Sogndal. Ho opptrer i mange sjangrar, frå salmar til pop, men er mest kjend for folkemusikken. Ho er óg ein aktiv instruktør for kor og vokalgrupper, og har lagt ned eit stort arbeid for å samla inn gamle songskattar og stev.
Under prisutdelinga nytta ho høve til å tala kulturen si sak, spesielt songen. Ho meiner nye Sogndal bør bli ein syngande kommune, og hadde følgjande oppmoding på tampen av takketalen.
– Politikarar, bruk meir pengar på kultur. Og til alle, syng meir, sa ho.