SIGER: Årdal FK sigra mot Hallingdal på bortebane laurdag. Foto: Arkiv
SIGER: Årdal FK sigra mot Hallingdal på bortebane laurdag. Foto: Arkiv

Målrik kamp for Årdal FK

Årdal FK sigra, då dei spela mot Hallingdal på bortebane laurdag ettermiddag. 

Årdal: Laurdag ettermiddag spela Årdal FK mot Hallingdal på Gol kunstgras. Det blei ein målrik kamp, der Årdal FK scora flest.

Hallingdal - Årdal FK: 3-4

Begge laga hadde mange sjansar, og det blei i alt 7 mål under kampen. 

Etter 35 minutter sette Erlend Holen Dokken inn kampens første mål, og Hallingdal gjekk då opp i 1-0 leiing.

Like før 1.omgang vart slutt sette Hallingdal inn endå eitt mål og gjekk til pause med ei leiing på 2-0. Denne gong var det Jonas Bergane som scora. 

Dommaren gav ut 4 gule kort i første omgang, der eitt av dei gjekk til Årdal FK.

- Me var ikkje heilt på hugge i første omgang og viste oss frå ei dårleg side, seier Trenar Ivan Øy. 

Betre 2.omgang for Årdal FK.

Berre eitt minutt etter andre omgang hadde starta, sette Truls Hovland inn mål for Årdal FK.

6 minutt etter fekk Årdal FK inn sitt andre mål. Det var Preben Strypet som scorar og med dette målet stod det uavgjort på Gol kunstgras.

Like etter reduseringa, scorar Truls Hovland og Årdal FK går opp i leiinga. Truls Hovland sette inn det tredje målet til bortelaget etter eit frispark frå Terje Kvam Øvstetun.

- I pausen gjorde me endringar og me var eit heilt anna lag i andre omgang, fortel Øy. 

Årdal FK fekk tre mål ganske tett og gjekk opp i leiing, men i 81 minuttet reduserte Hallingdal. Dette gjorde at det stod 3-3, og laga stod uavgjort.

- Frykten for at Hallingdal skulle redusere var der, og dette gjorde dei jo også. Det var heilt fantastisk at Hovland då putta inn eitt til heilt på tampen. 

I det 87 minutt scora Truls Hovland og Årdal FK gjekk opp i 3-4 leiing. Dette resultatet enda også kampen med.

- Første og andre omgang var heilt ulike. I første omgang viste me kor dårleg me kunne spele og i andre omgang viste me kor gode me eigentleg er, avsluttar Øy. 

 

 

 

Til toppen