Fjøra - Varegg 3 - 4
Sogndal: Det blei ein målrik kamp på Fosshaugane campus. Allereie til pause var stillinga 2 – 3. Ørjan Hippe Sørflaten stod for begge Fjøra sine mål.
– Som eg sa før Aalesund kampen, det er viktig å avgjøre kampar. Det er noko vi ikkje gjor i dag, seier trenar Håvard Hatle.
Fjøra klarte å jobbe seg tilbake i frå 1 – 3 til 3 – 3, men i det 87 min var det Varegg som avgjorde kampen. – Moralen med å henta inn 1 – 3 er veldig bra, men det er igjen ein dødball som fell oss.
Artikkelen held fram under biletet.

Fjøra har skåra mange mål, men fått endå fleire i mot. – Vi er defensivt svake. Vi kan ikkje sleppe in 4 mål kvar kamp. Då blir det vanskeleg å vinne kampar. Det er berre å trene, vi må brette opp armane og vere meir klar når det er kamp.
Etter kampen hadde Hatle ein ganske kraftig diskusjon med Varegg spelaren Vacas. – Eg er forbanna på filminga som dei held på med. Det er dum at dei gjer slike ting. Dommarane gjorde ein bra kamp, så det er ikkje dommarfeil det går på, seier Hatle