STØTTE: Formannskapet i Årdal har sagt ja til å støtte Målrock med 200.000 kroner. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
STØTTE: Formannskapet i Årdal har sagt ja til å støtte Målrock med 200.000 kroner. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Målrock får 200.000 frå kommunen

Årdal kommune doblar summen frå 2015.

Årdal: – Å gi pengar til Målrock er viktig. Dei gjer ein god jobb for samfunnet og marknadsfører Årdal på ein god måte.

Det sa Erling Offerdal (Sp) då han og resten av formannskapet i Årdal sa samrøystes ja til å støtte Målrock med 200.000 kroner, noko som var den eksakte summen stiftinga søkte om.

Festivalen, som har som føremål å fremja pop og rock på eige mål og dialekt, tok nye steg i fjor då dei utvida talet på dagar og inkluderte friluftsliv i konseptet. I år er det venta at nye rekordar vil bli sett når eit allereie godt program har barneidola Markus og Martinus som eitt  av innslaga. 

– Miljøpartiet støttar dette og vil løfta fram at denne konserten vil rette seg mot ungar og er eit rusfritt arrangement, sa Sandra Opheim (MDG).

2016 vil bli det 14. året Målrock vert arrangert, og ein kan trygt rekne dette som det kulturelle høgdepunktet i kommunen i løpet av eit år, der lag og organisasjonar frå heile bygda bidrar med sitt.

– Det er imponerande å sjå kva status festivalen har fått. Det bidreg voldsomt til lokalsamfunnet og gir inntekter til lokale lag og organisasjonar, som igjen kjem barn og unge til gode. Denne helga genererer også store inntekter for næringslivet, sa Ørjan Stedje Ylvisåker (Ap).

Dei 200.000 kronene vert henta ut frå næringsfondet. 

Til toppen