GLAD: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim seier at det betyr mykje for festivalen at fylkeskommunen støttar dei med midlar. Arkivfoto.
GLAD: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim seier at det betyr mykje for festivalen at fylkeskommunen støttar dei med midlar. Arkivfoto. (Foto: Arkiv)

Målrock får 40.000 kroner i støtte

Sogn og Fjordane fylkeskommune har no fordelt kulturmidlar for dette året og Målrock-festivalen fekk sin del av kake i år også. 

Årdal: – Er det sant? Det har eg ikkje fått med meg, seier Katrine Clausen Fredheim, festivalsjef for Målrock, då Porten.no ringjer. 

 I ei pressemelding som vart sendt ut fredag ettermiddag, kom det fram at Målrock får 40.000 kroner i kulturmidlar i 2016. 

Les også: Markus og Martinus har sett Målrock-rekord

– Betyr mykje for oss

Fylkeskommunen har totalt løyvd 4.885.000 kroner som er fordelt på 62 tiltak i Sogn og Fjordane. Av desse pengane, vil Målrock få utdelt 40.000 kroner. 

– Det betyr veldig mykje for oss å få støtte til satsinga vår, seier Fredheim. 

Målrock har motteke midlar frå fylkeskommunen nesten heile vegen dei har arrangert festival i Årdal. 

– Me har ein veldig god dialog med dei og syns det er viktig at dei sete pris på den jobben som me gjere, seier Fredheim. 

Bærebjelke for kulturlivet

Kulturmidlane vert gitt til frivillige organisasjonar på regionalt nivå, større festivalar, scenekunstarrangement og konsertar som er fylkesdekkande, samt til samarbeidstiltak som dekker Vestlandet. Totalt var det 98 tiltak som vart vurdert. Det frivillige kulturlivet er ei bærebjelke i kulturlivet i Sogn og Fjordane.

– Vi legg vekt på å stimulere både det langsiktige arbeidet som organisasjonane står for samstundes som vi prøver å stimulere nyskaping og kreativitet, skriv dei i ei pressemelding. 

I tillegg vert det gitt utviklingsmidlar til nyskapande og dristige kultursatsingar i Sogn og Fjordane. Erikstad seier at midlane skal nyttast til satsingar som korresponderer med fylkesplanar og kulturstrategien sine satsingsområde.

Det er likevel nokre som får avslag på tilskot. Dette er tiltak som fell utanfor stønadsordninga, får tilskot frå andre postar og ev. ufullstendige søknader.

Til toppen