Målrock i år - kva vert det neste?

Det som byrja med eit trivselstiltak på Indre Sogn ASVO, har no utvikla seg til eit profesjonelt band. Gjengen har spelt på fleire store arrangement dei siste åra, og på laurdag opna dei Målrock under Skåri.

– Eg tykkjer det er utruleg flott at Målrock-arrangørane tenkjer utanfor boksen, og nyttar ASVO-bandet i ein slik samanheng, seier Helge Øren som er ein av drivkreftene bak prosjektet.

Sjå også det biletegalleriet øvst i saka.

Med opphaldsvêr og nokre solgløtt innimellom inviterte dei publikum med på eit show som lyste av speleglede og engasjement.

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE FOLK: Mange hadde møtt opp for å få med seg opninga av Målrock under Skåri laurdag. ASVO-bandet hadde publikum sin fulle oppmerksomheit frå fyrste låt.
MYKJE FOLK: Mange hadde møtt opp for å få med seg opninga av Målrock under Skåri laurdag. ASVO-bandet hadde publikum sin fulle oppmerksomheit frå fyrste låt.

På plakaten

Det var i vår Helge Øren fekk spørsmålet om ASVO-bandet ville delta på Målrock. Sidan Målrock-arrangørane posjonerer ut artistsleppa sine med jamne mellomrom fram mot festivalen, måtte han vente med å informera bandet om deltakinga til det skulle offentleggjerast av arrangørane.

– Me slapp bomba på slutten av skuleåret, og responsen frå bandet var utelukkande positiv. Det var stor jubel og mykje glede, seier Øren. 

Han legg til at det har vore veldig stort å sjå ASVO-bandet på plakaten saman med Karpe Diem, Highasakite og dei andre store artistane. 

Trudde det var tull

Porten.no tok seg ein prat med to av bandmedlemmane rett etter konserten i Skåri. 

Artikkelen held fram under biletet.

STORT: Kenneth Andrè Gjervik, Terje Buhaug og Helge Øren er einige om at å sjå ASVO-bandet på Målrock-plakaten har vore veldig stort.
STORT: Kenneth Andrè Gjervik, Terje Buhaug og Helge Øren er einige om at å sjå ASVO-bandet på Målrock-plakaten har vore veldig stort.

– Eg trudde det var tull, seier Terje Buhaug. Han spelar keyboard med fargekodar, men han har ikkje alltid vore like glad i musikk. 

– Det var tilfeldig at eg vart med på øvingane. Eg var ikkje så interessert i musikk før, seier han.

Kenneth Andrè Gjervik spelar elektrisk gitar i bandet. Han tykkjer det er kjekt at ASVO-bandet har blitt så populære.

– Det blir meir og meir seriøst for kvar gong me spelar, seier han.

Dei er begge einige om at å spele på Målrock under Skåri var veldig, veldig stort!

Til toppen