FESTIVALPILS: Under årets Målrock festival i Årdal kan ein smaka på Målrock pils frå Tya bryggeri.
FESTIVALPILS: Under årets Målrock festival i Årdal kan ein smaka på Målrock pils frå Tya bryggeri. (Foto: Målrock)

Målrock lanserte festivalpils

Lokal bryggerigigant Tya Bryggeri og Målrock har gått saman og utvikla ein eigen festivalpils.

Årdal: Torsdag lanserte arrangørane bak årets Målrock ein eigen festivalpils med same namn.  

MÅLROCKPILSEN: Festivaløl som er eit lokalt og rocka øl, ifølgje festivalen, er ein lys pilsner. Foto: Kristian Lien

Pilsen er eit resultat av eit samarbeid mellom den lokale bryggerigiganten Tya Bryggeri og festivalen. 

– Det var ein vellukka lansering, med bra oppmøte og ølet smakte nydeleg, seier Bjørn Havro, marknadsansvarleg i Målrock. 

Han seier at både Målrock og Tya Bryggeri har trua på at samarbeidet vil gagna begge partar. 

Ølbryggar Benjamin Ginther frå USA står bak pilsen. Han er den nye bryggaren til Tya Bryggeri.

– Han har gjort ein framifrå jobb med Målrock Pils og tilfører Tya Bryggeri mykje kompetanse, skriv Målrock og Tya Bryggeri i ei felles pressemelding.

Starta hausten 2017

LOKAL-ØL: På etiketten til Målrock pils, ser ein Huldra som prydar alle Tya produkt, den kjente Rallaren og Meieriparken på Årdalstangen i bakgrunnen. Bilde: Målrock / Tya

Pilsen har vore under utvikling sidan hausten i 2017. 

– Utfordringa om å brygge ein pils som kunne konkurrere med industribryggeria både på smak, kvalitet og pris, tok Tyabryggarane på strak hand, skriv dei. 

Etiketten skulle spegle lokalmiljøet, og bli gjort i same stil som andre Tya-produkt.

Designa av Mark Wilkinson, ein britisk illustratør kjent for å ha designa for blant anna Iron Maiden og Bon Jovi, syner etiketten Meieriparken med publikum, Trallaren og Huldra.

Til toppen