KLARE FOR FESTIVAL: Folkerockarane frå Valdres, Staut, er klare for Målrock i sommar saman med The September When, Trang Fødsel og Olav Stedje.
KLARE FOR FESTIVAL: Folkerockarane frå Valdres, Staut, er klare for Målrock i sommar saman med The September When, Trang Fødsel og Olav Stedje. (Foto: Målrock)

Målrock med siste artistslepp, sjå line-upen for årets festival

Trang Fødsel, Staut og meir er klare for å laga liv og røre i Meieriparken.

Årdal: Trang Fødsel, folkerockarane Staut, og bergensarane Omar Noir og Howlin´ Sun, lokalmusikantane Stilige Dann og Kaia Höl utgjer dei siste artistane i rekka for årets Målrock-festival. Det går fram av ei pressemelding torsdag. 

– Me har prøvd å lytta til kva publikum ynskjer seg, og håpar at dette kan vera noko for alle. Det er eit stort spenn i artistane, noko me tykkjer er spennande. Enkelte kan sikkert tenkje at noko av dette er utradisjonelt for Målrock, men det me prøver på er å gå så breitt ut som mogeleg, seier festivalsjef Thomas Norheim Moen.

Fullendt festival

Dei ferske artistsleppa går inn i rekka med The September When, Sondre Justad og Vestlandsfanden, Olav Stedje og sogndalsrockarane i Tyyl!. 

Festivalsjefen seier dei har gått breitt ut for å nå ut til alle festivalgåarane, og skapa god stemning med god musikk. 

– Me ynskjer å vera ein festival der publikum skal kunne kose seg med god musikk, og samtidig kunne føla at stemninga på festivalen er upåklageleg. Me håpar artistane blir godt motekne av publikum, og at 2019 blir eit kalas Årdal knapt har sett maken til, seier Moen. 

Til toppen