TIL MÅLROCK: Lothepus og fire andre artistar kompletterer årets Målrock-program. Foto: Stian Servoss.
TIL MÅLROCK: Lothepus og fire andre artistar kompletterer årets Målrock-program. Foto: Stian Servoss.

Målrock-programmet komplett: Lothepus spelar under Skåri

Farmen-favoritten kjem til årets Målrock. Saman med Strupetakarane, Dagny, MAS og Ralph Myerz & The Jack Herren Band gjer dei programmet komplett.

Årdal: Skytebas, sexsymbol, kultfenomen og rikskjendis Lothepus er kjent frå TV-serien Fjorden Cowboys, og som vinnar av årets Farmen Kjendis.

No kjem han til Målrock for å spele med bandet sitt ved arrangementet Under Skåri, det vil seie laurdagen under årets festival. Ved sidan av handtering av dynamitt, store maskiner og eit liv på kanten, er Lothepus også artist.

STORT PUBLIKUM: Lothepus er populær både blant store og små.
STORT PUBLIKUM: Lothepus er populær både blant store og små.

– Lothepus er ein som i desse dagar trekk alt frå 4- til 93-åringar. Han har eit vanvittig stort spekter av publikum. Det er akkurat det me treng i Skåri. År for år er det vanskeleg å finna artistar som trekk ei viss mengde folk hit, seier Thomas Norheim Moen, festivalsjef for Målrock.

Variert program

Under Skåri-arrangementet er ikkje det som gir mest pengar i kassa, fortel han, men vedkjenner at konsertane her handlar mest om å vise Årdal frå si aller beste side med storslått natur. 

– Me prøver å vere ein festival som har plass til dei nye og ferske artistane, men samstundes er oppgåva vår å trekka flest mogleg folk til Årdal. Då må ein ha nokre trekkplaster og må gjera nokre komersielle grep som med Lothepus, seier han og konstaterer samstundes at dei no har eit variert program når årets festival brakar laus i august.

– Det er eit veldig variert program med artistar som me gler oss til å vise fram til publikum, storparten av artistane har aldri spelt på Målrock tidlegare, og nettopp det er viktig for ein festival som Målrock.

Pop frå nord og rock frå vest

Det er mellom anna Dagny eit døme på. 26-åringen frå Tromsø, som hoppa av ei lovande modellkarriere for å satse på musikken, har verkeleg teke solide steg inn i den krevjande internasjonale pop-industrien.

Artikkelen held fram under biletet.

POPKOMET: Dagny hoppa av modellkarriera og satsa på musikken. No er ho eitt av dei mest lovande popikona Noreg har å by på.
POPKOMET: Dagny hoppa av modellkarriera og satsa på musikken. No er ho eitt av dei mest lovande popikona Noreg har å by på.

Med platekontrakt i same selskap som Ariana Grande, The Weeknd og Demi Lovato så snakkar me ekte popstjerneformat.

Frå Tromsø i nord til Bergen i vest. Ralph Myerz & The Jack Herren Band er kanskje det mest rocka electronicabandet i verda for tida med eit liveshow sterkt inspirert av heltane deira i KISS. 

Med kombinasjon av ulike slaginstrument og pyroteknikk har bandet eit internasjonalt ry med legendariske konsertar. Dette sirkuset står på scena laurdag.

Ungt lokalt innslag og gamle kjenningar

Ferske er også MAS, det unge lokale bandet som består av Matilde Dvergedal, Aurora Holsæter og Selina Myrmel Gram. MAS er årets bidrag frå Hugin Musikkforum og skal spele under Skåri før Lothepus inntar scena. I påsken stod jentene på scena for første gong under Påskerock, noko dei tok på strak arm.

– Det er utruleg tøft av dei å stille opp på noko slikt. Sannsynlegvis er dei kanskje dei yngste som har stått på ei scene under Målrock, seier Moen.

Artikkelen held fram under biletet.

KJENNINGAR: Medan mange av artistane under årets Målrock aldri har spelt på festivalen før, er Strupetakarane godt vande med å stå på scena i Meiriparken.
KJENNINGAR: Medan mange av artistane under årets Målrock aldri har spelt på festivalen før, er Strupetakarane godt vande med å stå på scena i Meiriparken.

Er det ei gruppe som har gjort det før, så er det Strupetakarane. Notatstativ-pønkarane frå industrimetropolen Årdal er tilbake på programet i år. Langt vekke frå det glamorøse popstjernelivet i LA har Strupetakarane etablert seg som sjølve Målrockbandet. På heimebane har dei delt scene med dei største artistane frå inn og utland og har som oftast hausta meir applaus enn nokon andre i Meieriparken. 

Til toppen