Målrock utseld for festivalpass for første gang - Porten.no
:
_80B3274
_80B3274 (Haavard_Nesboe)

Målrock utseld for festivalpass for første gang

Etter mange år med varierande besøkstal, har festivalsjefen ei særs god kjensle når festivalen no er utseld for første gang.

FESTIVALSJEF: Thomas Norheim Moen.

Årdal: Fredag kveld blir dei siste av tilsaman 1200 festivalpass revne vekk og dermed var Målrock utseld for aller første gang.

– Det er første gang i historia at me har greidd  dette, så det var moro, seier festivalsjef Thomas Norheim Moen.

Festivalsjefen meiner tala viser at interessa for Målrock framleis er stor.

– Etter nokre utfordrande år ser det endeleg ut som at me kjem til å gå i pluss, seier han til NRK.

 

Til toppen