YNGST: Seline Myrmel Gram, Aurora Hatlelid Holsæther og Mathilde Dvergerdal er Målrocks yngste artistar. Eigentleg skulle trioen varme opp for Lothepus, men rollene blei i staden bytta om. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Selina, Aurora og Mathilde er Målrockens yngste artistar: – Det er stort

Eigentleg var det MAS som skulle varme opp for Lothepus i Skåri, men i staden vart det omvendt.

Skåri: Ikkje nok med at jentene på 14–15 år er festivalens yngste artistar, dei skulle også ha æra av å varme opp for eit av dei store trekkplastera i Lothepus.

Slik vart det ikkje. Teknisk trøbbel gjorde at det var Lothepus som gjekk først på scena.

– Og gud naoe den som stikke heim att når eg er reist, var beskjeden frå skytebasen, best kjend frå TV-programma Fjorden Cowboys og Farmen Kjendis. 

Det betydde endå meir publikum på Selina Myrmel Gram, Aurora Hatlelid Holsæther og Mathilde Dvergedal frå Årdal, som plutseleg fekk tid til ein prat før konserten.

– Det er veldig kjekt at me får opptre. Det er veldig stort, seier Myrmel Gram.

Sa sjølvsagt ja

For berre nokre månader sidan debuterte dei på Påskerock. Sidan har dei delteke på UKM, og no får dei altså stå på ei Målrock-scene. 

OPPVARMING: Eigentleg skulle MAS varme opp for Lothepus, men det var omvendt. – Gud naoe den som stikke når eg reise, var beskjeden frå skytebasen.
OPPVARMING: Eigentleg skulle MAS varme opp for Lothepus, men det var omvendt. – Gud naoe den som stikke når eg reise, var beskjeden frå skytebasen. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

– Då me melde oss inn i Hugin Musikkforum, sa Terje Svori til oss at me kanskje skulle få spela. Ein dag kom han til oss og sa at det fekk me lov til. Me berre «Hæ!?», fortel Hatlelid Holsæther. 

– Sjølvsagt sa me ja. Det var med ein gong. Me diskuterte det ikkje mellom oss ein gong. Me seier ikkje nei til ein sånn sjanse, legg Myrmel Gram til.

Dvergedal understrekar at alder er inga hindring. Ein kan vera like flink sjølv om ein er ung, seier ho. Då er spørsmålet. Kva blir det neste?

– Det må jo bli den store scena i Meiriparken det då, seier Dvergedal.

Lothepus sjarmerte

GOD STEMNING: Svært mange hadde møtt opp for å få med seg Lothepus i Skåri, og stemninga skuffa ikkje.
GOD STEMNING: Svært mange hadde møtt opp for å få med seg Lothepus i Skåri, og stemninga skuffa ikkje. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

Når det gjeld arrangementet i Skåri elles, vart det nok akkurat som håpa for festivalleiinga, som var heilt ærlege på at Lothepus var eit kommersielt grep for å trekkje fleire fram i Utladalen.

– Poenget var å ha eit namn som trekk folk. Det ser ut til å ha hatt effekt. Det er lenge sidan sist det var så mykje folk her framme, seier koordinator for arrangementet i Skåri, Kurt Jevnaker.

Publikum såg ut til å stortrivast. Regnet haldt seg vekke, og når ein kombinerer det med ein sjarmerande skytebas med god humor, så har ein oppskrifta på god stemning.

Til toppen