LAGET TIL FARNES SKULE, MED RESERVE: F.v. Andreas Skarsbø, Alexander Bale, Karoline Molland Hjønnevåg og Hermann Øren.  Biletet er teke eit par timar før quizmeister Wilhelm Støylen frå NRK kom til bygda med bandopptakar og 24 kløktige spørsmål på lur. Tolv for tiandeklassingane på Tangen, og tolv for øvringane.
LAGET TIL FARNES SKULE, MED RESERVE: F.v. Andreas Skarsbø, Alexander Bale, Karoline Molland Hjønnevåg og Hermann Øren. Biletet er teke eit par timar før quizmeister Wilhelm Støylen frå NRK kom til bygda med bandopptakar og 24 kløktige spørsmål på lur. Tolv for tiandeklassingane på Tangen, og tolv for øvringane. (Foto: Snorre Sandemose )

– Målsetjinga er full pott og å gå til fylkesfinalen. Og so heile vegen til landsfinalen

Hermann Øren på Farnes skule ville ikkje spara på ambisjonane før Farnes skule skulle til pers i klassequizen tysdag. 

Årdal: – Det var spennande å vera med på dette. Det kjendest ikkje som me snakka til NRK. Det var meir som å prata med ein person som stilte spørsmål, seier Karoline Molland Hjønnevåg. 

Ho tykte elles at dei klara seg bra, og faktisk at det gjekk betre enn venta. Laget hennar svara rett på heile elleve av tolv spørsmål. 

Forteljing om jordomsigling frå 1800-talet vippa dei av pinnen

Medan elevane på Årdalstangen skule vart finta ut av eit spørsmål om fastelaven, var det eit om Jules Verne sin kjende romanklassikar som baud på problem på Farnes skule. 

– Me fekk høyra namnet på to romanfigurar, og fekk spørsmål om kva for roman dei var henta frå. Svaret var «Jorda rundt på 80 dagar», fortel Hjønnevåg. 

Dette var det einaste spørsmålet dei ikkje gissa rett på. Andre spørsmål som ho kjem på i farta at dei fekk, omhandla ein stor park i Manhattan, eit bilmerke og dansen pasodoble. Alt dette, og alt anna enn namna på heltane frå bokklassikaren, klara dei med glans. 

Likevel vågar ikkje Hjønnevåg å håpa på finaleplass i Førde. 

– Me fekk høyra at me ligg på tredje plass i samandraget, for det er to lag som har fått alt rett. Det spørst om me kjem til Førde, for det er berre fire lag som kjem dit. Og enno  er det mange skular som står for tur. 

Spente før NRK hadde kome

Porten.no snakka litt med elevane før dei hadde vore i elden òg. 

– Eg er spent på korleis me kjem til å gjera det, seier Hermann Øren. 

Han seier at han ikkje har øvd veldig mykje, og at han kanskje burde øvd meir. Han har ikkje høyrd mange av klassequizane på radioen, men var om seg då Kvale og Hafslo var i elden og fekk med seg heile dei sendingane.

– Kvåle fekk no ganske enkle spørsmål. 

Dei hadde knapt fått noko vrient spørsmål i det heile, og fekk til og med poeng for å vita kva mannen hennar Kim Kardashian heitte for noko. 

– Men det er mange vanskelegare spørsmål òg, slik som «kva er Noregs nasjonalfugl», skyt Hjønnevåg inn. 

På spørsmål om kva for spørsmål dei sjølve ynskjer seg, svarar Øren at han ynskjer seg temaet fotball, og Skarsbø sport og spel. Skarsbø sa han frykta musikk- og tv-seriespørsmål mest. 

NRK sender innslaget på radioen fredag klokka 15.00, og seinare kan ein høyra det om ein går inn på nettsidene til fylkeskringkastinga. Der får ein høyra at elevane hadde kunnskapar om langt meir enn sport, spel og fotball!

Elevane seier det vert «kult» og «kjekt» å koma på radio. 

– Målsetjinga er å få full pott, å få rett på alle svara, og so koma til fylkesfinalen og ta det heile vegen til finalen, sa Øren før elevane tok i mot NRK.

Til toppen