SKRIV BREV TIL BUTIKKAR: Målungdomen har skrive brev til butikkane som Coop har kjøpt opp og også dei som er seld vidare med oppmoding om å bestille skilt på nynorsk. Foto: Odin Hørthe Omdal.
SKRIV BREV TIL BUTIKKAR: Målungdomen har skrive brev til butikkane som Coop har kjøpt opp og også dei som er seld vidare med oppmoding om å bestille skilt på nynorsk. Foto: Odin Hørthe Omdal.

Målungdomen vil ha meir nynorsk i butikkane

Norsk Målungdom har sendt brev til alle oppkjøpte Coop-butikkar med oppmoding om å bestilla skilt på nynorsk.

NESTLEIAR: Kristofer Olai Ravn Stavseng.
NESTLEIAR: Kristofer Olai Ravn Stavseng.

Det skriv Norsk Målungdom i ei pressemelding tysdag. Etter at Konkurransetilsynet godkjende Coop sitt kjøp av ICA Norge får mange butikkar nye eigarar.

Det er i samband med nettopp det at Norsk Målungdom har sendt brev.

– Me har sendt brev til alle oppkjøpte butikkar i nynorskområde med oppmoding om å bestille skilt på nynorsk. Også dei som går til Bunnpris og Norgesgruppen, seier nestleiar Kristofer Olai Ravn Stavseng.

– Som alle skilt i dei oppkjøpte butikkane likevel må byttast ut, kvifor skulle ein ikkje då nytte høvet til å synleggjere språket vårt endå meir? Det er eit stort problem at nynorskbrukarar ikkje blir møtt med språket sitt i kvardagen. Me håpar næringslivet vil vere med og legge til rette for  å betre stoda, legg han til.

I brevet står det mellom anna at Målungdomen observerer at fleire og fleire aktørar innan næringslivet vel å bruke nynorsk i marknadsføringa si. 

– Me trur dei går for nynorsken fordi dei vil spele på ein lokal identitet, og dersom dei held til i nynorsk kjerneområde eller ei randsone, då er nynorsken språket som best representerer den lokale identiteten, forklarer Stavseng.

Vidare peikar han på at dette vil kome alle til gode, både næringsdrivaren og brukarane som blir møtt med skriftspråket sitt. 

– Me er veldig spente på reaksjonane frå butikkane me har sendt brev til. Me vil gi honnør og løfte fram alle som vel å gå over til nynorsk.

Til toppen