VIL HA SPRÅKVAL: Vipps har som ambisjon å gjere det enklare å bruke mobilen til å betale og overføre pengar. Førebels finst appen berre på bokmål. Foto: Olav Mellingsæter/Vipps.
VIL HA SPRÅKVAL: Vipps har som ambisjon å gjere det enklare å bruke mobilen til å betale og overføre pengar. Førebels finst appen berre på bokmål. Foto: Olav Mellingsæter/Vipps.

Målungdomen vil ha Vipps på nynorsk

Den mobile lommeboka finst til no berre på bokmål.

Heile 105 norske bankar melde i februar at dei skal gå saman med DNB om å utvide mobilbanktenesta Vipps. Leiaren i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, meiner appen òg må kome på nynorsk.

NYNORSKFORKJEMPAR: Målungdomen og leiar Synnøve Marie Sætre meiner Vipps bør kome på nynorsk.
NYNORSKFORKJEMPAR: Målungdomen og leiar Synnøve Marie Sætre meiner Vipps bør kome på nynorsk.

– Fleire av bankane som no har gått saman med DNB om Vipps ligg i nynorskområde. Desse bankane, til dømes Sparebanken i Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest, nyttar ofte nynorsk i marknadsføring og i til dømes nettbanken, seier Sætre i ei pressemelding.

Les også: Lokale bankar med i storsatsing på mobil lommebok

Vipps gjer at du kan overføre pengar frå mobilen med få tastetrykk og er allereie ei populær teneste med omlag to millionar brukarar. Når bankane no skal samarbeide, aukar truleg brukartalet.

– Me vil at nynorskbankane skal gå saman og krevje at DNB utviklar eit nynorsk språkval i appen, så alle som vil kan bruke nynorsk også når dei overfører pengar, seier Sætre.

Til toppen