FLEIRE PROBLEM: At rundballar blir etne på av hjort skapar fleire problem; hjorten får i seg rundballeplast og kan i verste fall døy av det, det skapar farlege trafikksituasjonar og det aukar smittepress i høve sjukdommar, noko som er spesielt aktuelt i samband med utbrotet av skrantesjuke i Nordfjella
FLEIRE PROBLEM: At rundballar blir etne på av hjort skapar fleire problem; hjorten får i seg rundballeplast og kan i verste fall døy av det, det skapar farlege trafikksituasjonar og det aukar smittepress i høve sjukdommar, noko som er spesielt aktuelt i samband med utbrotet av skrantesjuke i Nordfjella

Manar til inngjerding eller fjerning av rundballar

Om du har rundballar liggjande som blir etne på av hjort, må du fjerna eller gjerda dei inn innan 31. mars. Elles risikerer du å få ein reaksjon

Lærdal: «I byrjinga av april vil landbrukskontoret ha ei synfaring saman med Politi, Mattilsyn og Vegvesen for å vurdera om slik lagring av rundballar er i strid med lovverket», skriv vilforvaltar Knut Fredrik Øi i eit rundskriv.

Med andre ord; har du rundballar som hjorten forsyner seg av – eller som hjorten kan koma til å forsyna seg av – bør du gjerda dei inn innan 31. mars, eventuelt leggja dei ein plass hjorten ikkje kjem til.

Les også: Rekordmange felte hjort under jakta i Årdal og Lærdal

Fleire uheldige konsekvensar

Grunnane til at landbrukskontoret no går konkret til verks er fleire:  

  • «Hjorten får i seg plasttrådar og plastnett, noko som kan gje alvorlege konsekvensar for dyrevelferda. Me finn att rundballeplast i fordøyingssystemet hjå sjølvdaud hjort.
  •  Rundballar som ligg ugunstig til i høve vegnettet, bidreg til påkøyring av hjort. Dette er ein stor fare både for hjorten og for bilistane. Lærdal kommune har flest påkøyrsler av hjort i Noreg. Rundballar er ein av grunnane til dette.
  • Rundballar samlar hjorten i store flokkar og aukar såleis smittepresset på dyra. Dette gjeld tradisjonelle sjukdommar og parasittar, men er også særs betenkeleg med den situasjonen me har med skrantesjuke (CWD) i Nordfjella. Foring og salting av vilt er ikkje lov.»

I skrivet opplyser Øi også at landbrukskontoret har ei ordning der ein får dekkja deler av summen ved innkjøp av gjerdingar som sikrar rundballane mot hjorten:

«Lærdal Grønt har no teke inn byggegjerde og har dette i sitt standard sortement. Elles har andre i dalen gode erfaringar med straum mot hjorten, eller permanent etablerte innhegningar for rundball. Det kommunale viltfondet dekker etter enkel søknad 20% av kostnadane til innkjøp av gjerde».

Øi opplyser at folk som ønskjer info om dette kan ta kontakt.

Til toppen