TIL SOGNDAL: Sogndal Fotball stadfestar onsdag at dei har henta 21 år gamle Chidiebere Nwakali på lån frå Manchester City. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball.
TIL SOGNDAL: Sogndal Fotball stadfestar onsdag at dei har henta 21 år gamle Chidiebere Nwakali på lån frå Manchester City. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball.

Manchester City-spelar klar for Sogndal

Sogndal Fotball stadfestar onsdag at dei har henta 21 år gamle Chidiebere Nwakali på lån frå Manchester City.

Sogndal: Nwakali kom til Gran Canaria, der laget no driv med sesongoppkøyring, seint måndag kveld. 

– I første omgang er dette ein avtale mellom Manchester City og Sogndal Fotball som strekkjer seg ut august i år, fortel sportsleg leiar Håvard Flo til klubben si heimeside.

21-åringen kom først til den engelske storklubben Manchester City i 2015 og har ein fireårskontrakt med dei lyseblå. Nwakali har mellom anna vunne U17-VM i 2013 og har vore på lån i fleire klubbar – mellom anna Start.

– Chidi spelar sentral midtbane, han er ein ballspelar som er kjapp og har god frekvens. Me ser tydeleg at han held eit godt nivå, seier Flo.

Ifølgje han hadde midtbanespelaren fleire tilbod på bordet, men valde Sogndal. 

– Dette er ein seriøs og veldig ambisiøs gut. Han er ein særs spennande type, som allereie har gjort seg gode erfaringar. Me gler oss til å ha han her hjå oss.

Til toppen