VARIERT: Dei kommande dagane vert det variert vêr med snø og vind, men måndag ser det ut til at det kan bli varmegrader. Foto: Arkiv
VARIERT: Dei kommande dagane vert det variert vêr med snø og vind, men måndag ser det ut til at det kan bli varmegrader. Foto: Arkiv

Måndag kryp pila på gradestokken opp til pluss

Laurdag ettermiddag kjem det derimot kald, sørvestleg vind og nokre snøbyer.

- Det er venta ein sørvestleg vind ut på laurdag ettermiddag i Lærdal og Årdal, seier Steinar Skare, vakthavande metrolog Meteorologisk institutt.

Desse byene skal trekke godt innover i indre strøk, men i kveld minkar vinden.

Snøbyer og svakare vind

I fjelltraktene i Lærdal er det meldt om sterk kuling fleire stader. På søndag kjem det til å komme nokre snøbyer og vinden vil vere eit hakk mindre enn i dag.

- Det vert stiv kuling fram til søndag kveld. Då minkar det litt, seier Skare.

Plussgrader på måndag

På måndag held snøbyene og vinden framleis på, men på ettermiddagen er det venta plussgrader.

- Temperaturen kjem til å stige og snøbyene vil dermed gå over i regn i låglandet. Det er venta at det kan bli mellom 2-3 plussgrader måndagen. Dei neste 36 derimot vil pila på gradestokken peike nedover, seier Skare.

Tysdag, onsdag og torsdag vert det igjen kaldt og minusgrader.

- Det er mogleg det vert plussgrader igjen neste helg, seier Skare.

Til toppen