SIKRINGSARBEID: Måndag startar rassikringsarbeidet opp att på fylkesveg 53 i Jåteli mellom Øvre Årdal og Holsbru. Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen.
SIKRINGSARBEID: Måndag startar rassikringsarbeidet opp att på fylkesveg 53 i Jåteli mellom Øvre Årdal og Holsbru. Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen.

Måndag startar arbeidet i Jåteli opp att

Etter ein periode med ferieavvikling startar arbeidet på fylkesveg 53 i Årdal opp att.

Årdal: Det melder Statens vegvesen. Arbeidet med den rasutsette vegen starta før sommaren, men dei siste vekene har det vore opphald på grunn av ferieavvikling.

Måndag blir det igjen stenging kvar heile time når arbeidet med fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Holsbru startar opp.

Entreprenøren som utfører sikringsarbeidet mot stein- og isras skal no montere issikringsnett. 

Prosjektet i sin heilskap består i reinsking, bolting og montering av issikringsnett i skjeringane. Etter planen skal arbeidet vera ferdig om rundt to veker.

Arbeidet pågår mellom 07.00 og 18.00 kvar dag frå måndag til laurdag. Vegen vert opna for trafikk kvar heile time og for rutegåande trafikk. 

Til toppen