Seimsdalen: Det opplyser Vegvesenet i ei pressemelding. Arbeidet startar måndag 11.00, og i samband med dette arbeidet vert vegen stengt ein halvtime om gongen.
Rasfanggjerde som skal setjast opp, skal erstatta det eksisterande gjerdet over fjellskjeringa. I tillegg skal sjølve fjellskjeringa sikrast med fjellboltar.
Fyrste del av arbeidet er boring og montering av fundament for rasfanggjerdet. Dette reknar ein med kjem til å ta tre til fire dagar. Deretter blir det eit opphald før montering av nett og resten av boltesikringa blir utført i veke 27.
Vegen blir opna for passering kvar heile og halve time. I tillegg er det lagt opp til at rutegåande bussar kan passere, og dei som då står i kø, kan få henge seg på kolonna forbi arbeidsområdet.
Stengingane pågår fram til 21.00 om kvelden. Måndag startar dei 11.00, men frå tysdag til fredag startar arbeidet 08.00.