OPE I PINSEHELGA: Bermålstunnelen vert opna for fri ferdsel i pinsehelga og på nasjonaldagen. Foto: Statens vegvesen. 
OPE I PINSEHELGA: Bermålstunnelen vert opna for fri ferdsel i pinsehelga og på nasjonaldagen. Foto: Statens vegvesen. 

Måndag stenger tunnelen att​

Etter nokre dagar fri startar arbeidet med Bermålstunnelen opp att måndag kveld.

Lærdal: Tunnelen på fylkesveg 53 har vore open denne helga, men arbeidet startar opp att 20.00 måndag kveld og går som vanleg fram til fredag klokka 06.00.

Denne helga er det pinse, og difor blir det eit lengre stopp i jobbinga også denne helga.

Frå fredag 13. mai og vidare gjennom pinsehelga og nasjonaldagen 17. mai kjem det til å vere fri ferdsel i Bermålstunnelen, skriv Statens vegvesen. 

Vegvesenet opplyser også om at det blir fire veker fri ferdsel i tunnelen i sommar i samband med sommarferie i vekene 28, 29, 30 og 31. 

I veke 19 og 21 stenger Vegvesenet tre andre tunnelar i Sogn i samband med vedlikehaldsarbeid. Dette arbeidet startar førstkomande tysdag.

Dei tre tunnelane det gjeld er riksveg 5 Fjærlandstunnelen, Årøytunnelen på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Hafslo og Tussviktunnelen, også det på fylkesveg 55. 

Frå klokka 20:00 fram til klokka 24:00 blir vegen open kvar halvtime. Etter midnatt kan det bli stengingar på inntil to timar. Vedlikehaldsarbeidet omfattar reinsking og sikring av tunnelane mot brann og nedfall av stein.

Til toppen