M/B Tya er no klar for å bli sjøsett.
M/B Tya er no klar for å bli sjøsett. (Foto: Privat)

Måndag vert M/B Tya sjøsett

Båten er tilbake i Årdal etter nesten 50 år.

Årdal: Båten har dei siste åra vore i Drammen. No er den kjøpt av Årdal Sjøfront AS. 

– Om alt går etter planen skal M/B Tya sjøsetjas på Årdalstangen i morgon føremiddag, seier styreleiar i Årdal sjøfront, Anne Kathrin Lislelid Hæreid. 

Les òg: Politikarane løyver ein halv million til sjøfronten – her er dei storstilte planane

Historisk båt
Årdal Verk eigde båten i tidsperioden 1952 til 1969. Den vart då brukt til representasjon- og ambulansebåt.

– Eg kan tenkje meg at det har vore eit par høge herrar om bord i båten, ler Lislelid Hæreid.  

DRAMMEN: M/B Tya vart henta i Drammen. Foto: Privat

Utleige og rundturar

MB Tya skal bli pussa opp på Ornes båtbyggeri i løpet av vinteren, før den skal vera klar til bruk våren 2019. 

– Planane er å leiga ut båten til små grupper. Forhåpentlegvis vil me òg få til faste rundturar på fjorden, fortel styreleiar i Årdal Sjøfront AS. 

Til toppen