Video

Mandic greip sjansen: – Eg er alltid klar for spel

I fråværet av suspendert Eirik Schulze fekk nykommaren Stanisa Mandic sjansen på venstrekanten mot Molde. Den moglegheita greip han med nebb og klør.

Sogndal: Serbaren, som kom til Sogndal Fotball i august, hadde berre eit innhopp mot Brann før han fekk sjansen frå start mot topplaget Molde. Kampen var berre elleve minuttar gamal då kanten greip sjansen då han baud seg.

Even Hovland kom høgst på eit innlegg og heada ballen rett i retning av Mandic, som reagerte lynraskt og fekk nikka inn 1-0. 

Sjå scoringa i videovindauget øvst i artikkelen.

– Eg var litt heldig fordi ballen kom fort på meg, men eg prøver alltid å vera der andreballen dett ned. Refleksen var skrudd på, seier han med eit glis då Porten.no møtte han etter kampen.

ALLTID KLAR: Mandic seier det blir opp til Bakke å avgjera om han får fornya tillit mot Lillestrøm, men legg til at han alltid er klar, anten det er snakk om på bana eller på benken.
ALLTID KLAR: Mandic seier det blir opp til Bakke å avgjera om han får fornya tillit mot Lillestrøm, men legg til at han alltid er klar, anten det er snakk om på bana eller på benken.

Alltid klar

I tillegg til målet viste 22-åringen fine takter på venstresida der han evna å halde på ballen utfordre og spela andre gode. Sogndal-trenar Eirik Bakke var nøgd med det han fekk sjå av serbaren.

– Stanisa har venta på sjansen og tok den i dag. Han er ein spennande spelar som det bur mykje i. Det skal bli spennande å følgja han vidare. At han scora i debuten fra start, er bra. Han er ein fantastisk gut som gir alt for laget, og slike verdset me her i Sogndal, seier Bakke.

Den gode innhoppet har kanskje gitt trenaren litt å tenka på inn mot Lillestrøm-kampen etter landslagspausen når Schulze er tilbake også. 

– Trur du prestasjonen gjer at du beheld plassen din?

– Det er eit spørsmål Bakke må få, men me er eit lag, og nokre gonger er spelarar suspenderte eller skadde. Me har 30 spelarar å ta av, og alle er klare, men eg er alltid klar til å spela eller bidra frå benken. Det bestemmer trenaren, seier Mandic.

Annleis liv

Bakke seier det kjem an på korleis kampen blir mot Lillestrøm.

– Det blir ein krig, men det er godt å ha spelarar som er klar til å steppe inn når dei får sjansen. 

Mandic har no vore godt og vel ein månad i Sogndal, og så langt trivest han godt i saftbygda.

– Livet er annleis. Eg kjem frå Beograd, som er den største byen i Serbia, men dette blir ei god erfaring for meg. I Beograd budde eg saman med familien min, men no skal eg bu åleina. Det blir bra.

Til toppen