BERRE NESTEN: Stanisa Mandic var nærast skåring for Sogndal i serieopninga, men stanga stod i vegen for forsøket.
BERRE NESTEN: Stanisa Mandic var nærast skåring for Sogndal i serieopninga, men stanga stod i vegen for forsøket. (Foto: Youri van der Werve)

Mandic med stolpetreff i mållaus seriestart for Sogndal

Trenar Eirik Bakke fekk det poenget han ønska seg i bortekampen mot ein av hovudrivalane i opprykkskampen. Mandic var nære å gjera seriestarten enno lysare.

Sogndal-Aalesund 0-0: I årets første seriekamp greidde trenar Eirik Bakke å overraska allereie då lagoppstillinga kom. Fjorårets stopparkomet Ulrik Fredriksen var flytta opp som spiss, medan Sixten Jensen, som i fjor spelte på Fjøra, starta på midtbana.

Det vart ein jamn førsteomgang, med fleire tøffe duellar. Den største sjansen var det likevel Aalesund som stod for. Etter fem minutt traff Oddbjørn Lie stanga etter ei farleg klarering frå Reiss Greenidge. Fem minutt seinare var Eirik Schulze nær ved å gje ei gåvepakke til nyinnkjøpte Torbjørn Agdestein hos Aalesund, men Dyngeland var kjapt ute og fekk avverga.

Etter 22 minutt viste Schulze seg fram i den andre enden av bana. Ein retur landa på venstrefoten til sørlendingen, som dundra ballen like utanfor stolpen.

Det var likevel greit at laga gjekk til pause med 0-0.

Andreomgang var lenge ein stillingskrig, men når sjansen kom var han enorm. Timen var spelt då eit dårleg skot frå Latifu vart til ein genial pasning til Stanisa Mandic. Han kom stormande inn bakerst i feltet, målet var ope, men vinkelen skrå, og ballen traff stolpen.

På slutten var det Sogndal som jaga sigeren, men utan å greia å skapa det heilt store. Som til pause var mållaust og uavgjort eit heilt greitt resultat.

På Sogndal markerte Markus Brændsrød seg med fart og eit aggressivt press. Sixten Jensen viste at han held nivået i massevis. Even Hovland at han ikkje tek lett på ansvaret med å føra Sogndal opp att. Ellers var det mest jobbing, og lite finspel. Akkurat som det fort blir i ei serieopning i null grader når kalendaren akkurat har runda april.

Neste kamp er søndag. Då tek Sogndal imot Tromsdalen på Fosshaugane Campus, ein kamp der heimelaget helst bør ta alle tre poenga.

Til toppen